God jul!


"Um hesa tíðina gekk út boð frá Augustusi keisara, at allur heimurin skuldi skrivast í manntal. Henda fyrsta innskrivingin var, meðan Kvirinius var landshøvdingi í Sýrlandi. Tá fóru øll at lata seg skriva, hvør til sín egna bý. Eisini Jósef fór úr Galilea, úr býnum Nazaret, til Judea, til bý Dávids, sum eitur Betlehem - tí hann var av húsi og ætt Dávids - at lata seg skriva, saman við Mariu, trúlovaðu síni, sum var við barn. Meðan tey nú vóru har, kom tíðin, at hon skuldi eiga. Og hon átti son sín, hin frumborna, og sveipaði Hann og legði Hann í krubbu; tí ikki var rúm fyri teimum í gistihúsinum."

(Juleevangeliet - frå den færøyske bibelomsetjinga

Yell, Shetland


Øya Yell nord på Shetland er ikkje verdas navle. Men om folk her ikkje skal bli tvungne til å reisa langt avgarde for å handla inn mat treng dei ein nærbutikk, sjølv om denne landhandelen sett med våre auge ikkje er rare greiene. Ikkje er det ope kvar dag heller. Og den raude britiske telefonkiosken held stand.

Cregneash, Isle of Man


På Isle of Man lever framleis draumen om det fredelege livet på landsbygda, sjølv om desse husa forlengst er gått over til å fungera som museum. Men på Isle of Man har tida på mange vis stått stilt - i den victorianske hovudstaden Douglas lever tradisjonar og gamle dagar vidare, her finn du framleis hestetrikk og damplokomotiv frå slutten av 1800-talet - og ute på bygda idyllar som denne. Øya er ei pussig blanding av eit statisk, konservativt samfunn og brølande motorsyklar (her er det VM i det meste som går på to og tre hjul), av keltisk og norrøn historie og britisk kultur. 

Og altså idylliske stader som dette, den vesle landsbyen Cregneash, heimstaden til dei særs sjeldne Loaghtan-sauene med fire hornMed blå himmel, varmt i veret og fjernt frå det meste. Ein stad som får pulsen til å roa seg ganske mange hakk. 

Klaksvik, Færøyane


På privat konsert i eit gammalt sjøhus i Klaksvik med Hanus, Færøyane sine store folkesangar. Etterpå drakk me færøysk øl og dansa ringdans med Hanus som instruktør. 

Hanus (G. Johansen) snakkar dessutan norsk og har vore her i landet ei rekkje gongar. Ikkje minst har han vunne han eit publikum her til lands med sine melodiar til dikt av Jacob Sande som kom på CD i 2006. Han har sjølvsagt også spelt inn ei rekkje plater på Færøyane. Særleg songen "Blóma" er nærast folkeeige på Færøyane. 

Eit par dagar seinare åt me middag med Hanus. Ein særs triveleg kar, tvers gjennom ein ekte kunstnar og ein fin representant for færøysk kultur og veremåte.

Mýrdalsjökul, Island



Mýrdalsjökull er den fjerde største isbreen på Island. 300–400 meter under den 595 km² store isbreen ligg vulkanen Katla. Sidan år 874 veit me at Katla har hatt i overkant av tjue utbrot, med omlag femti års mellomrom. Det er altså ikkje spørsmål om viss det kjem eit nytt vulkanutbrot, men når. Og når det skjer, kan ein risikera at det vil strøyma enorme mengder vatn ned mot Vik, på sørspissen av Island. Evakueringsplanane er klare - og noko alle har i bakhovudet, heile tida.

Den dagen me tok turen opp til Mýrdalsjökull, i august 2013 - sonen min og eg - blåste det kraftig - og det hagla. Det var kort sagt ufyseleg. Ettersom sonen min, som heiter Ketil, bur i England og synest han slit litt med namnet, var det då berre passande at me gjekk i veg for å sjå til Katla, som er det islandske kjælenamnet for Ketil. For på Island er Ketil eit ganske vanleg namn!

Men spøk til sides - me var ikkje heilt førebudde på uveret som møtte oss, og ved foten av Mýrdalsjökull gjorde me vendereis. Gjekk tilbake gjennom haugane av svart lavasand, på smale stiar med dammar og små sjøar av brevatn på alle kantar. For det er slik at Mýrdalsjökull minkar dramatisk med fleire meter for kvart år som går. 



Scalloway, Shetland


Astrid Larsen, dotter av Shetlands-Larsen, med sonen Andreas ombord i "Hitra" som låg til kai i Scalloway 17. mai 2012.

Shetlandsfarten var eit viktig og avgjerande transportledd over Nordsjøen under andre verdskrigen. Det var eigentleg ein mykje større operasjon enn namnet skulle tyda på. Britane bygde det opp som ei regulær norsk marineavdeling. Båtane frakta våpen og ammunisjon, agentar, jødar og andre flyktningar over til Shetland, Skottland og England – eller frå Storbritannia til Norge. Dei fleste som tok del i denne fårefulle trafikken var unge menn, dei fleste i alderen 17 - 30 år.  

I byrjinga vart det nytta vanlege norske fiskefarty, men då tyskarane skjerpa vakthaldet langs norskekysten vart det sett inn tre amerikanske ubåtjagarar som ei gåve frå USA til Noreg. Ein av desse jagarane, "Hitra", låg til kai i Scalloway då statsminister Stoltenberg opna det nye museet 17 mai.  

Då krigen tok slutt hadde shetlandsbussane transportert 192 agentar og heile 383 tonn med våpen og forsyningar til Noreg, samstundes som dei hadde hjulpe 73 motstandsfolk og 373 flyktningar ut av landet. Men det hadde også sin pris - 44 sjøfok miste livet. 

Mest kjend er Shetlands-Larsen, eller Leif Larsen (1906-1990)  som han eigentleg heitte. Som skipper gjorde han 52 turar over Nordsjøen, i byrjinga med vanlege fiskefarty, før han vart skipssjef på KNM "Vigra". I 1945 hadde han kapteins grad i den norske marine, og var ein av dei høgast dekorerte allierte sjøoffiserane. Han fekk også Noregs høgaste utmerking, Krigskorset med sverd i 1942. Det er laga både film og skrive bøker om Leif Larsen, og namnet Shetlands-Larsen er i dag eit omgrep. 

Reykjavik, Island


Eit mest sjokkarta møte med dei islandske sagaene - i original! Fotografering forbode, men ingen tenkte på at eg hadde ein Android i lomma! Tanken på denne fantastiske einestånde litteraturen, skriven ned på 1300- og 1400-talet, for ein stor del i kyrkjeleg regi, i eit folkeleg språk, det språket som vart talt på Island, i ein prosa som knapt høyrde heime i samtida, men som høyrer heime i verdslitteraturen - og å verkeleg sjå desse manuskripta, ark laga av strekt kalveskinn, skrive med pennar av gåsefjær, med blekk av plantefargar, så fullkomne, så meisterlege... 

Og dernest - den islandske handskrifttradisjonen, som stilt ut på universitetsbiblioteket i Reykjavik... Det er som ein bøygjer seg i støvet og vert katolsk av mindre. Som t.d. det vesle handskriftet på biletet. Slik vart bøker og litteratur laga kringom på sagaøya - handskrivne, lese, utveksla. 


Bessastaðir, Island


I midten av august 2011, mindre enn ein månad etter 22. juli-terroren i Noreg, spaserer eg rundt omkring på fredelege Bessastaðir, president-bustaden utanfor Reykjavik. Nokre turistar, nokre lyse skyer på ein blå himmel. Ikkje ein sikkerheitsvakt å sjå, ikkje ei einaste sperring, ingenting. Eg kan gå tett opp til huset. Det ser ikkje ut som det er nokon heime. Det ser ikkje ut som det er nokon der i det heile teke. Så etter å ha teke bilete av bustaden kikkar eg heller innom kyrkja. 

Eg må innrømma at eg veit lite om denne staden. Eg kan sjølvsagt lesa meg til det, som allle andre. Men det får vera i denne omgangen. Ruslar berre rundt i kyrkja og på gravplassen utanfor. Og veit at det er mykje historie her på Bessastaðir - særs mykje. Og at det er ei uskuld her som Noreg har mista. Den håper eg ingen tek frå Island.   

Scalloway, Shetland



Det nye museet i den vesle byen Scalloway, som var hovudbase for shetlandsbussane under krigen, hadde stått ferdig eit års tid, men sjølvaste 17. mai 2012 var det duka for den offisielle opninga. 

Her vart ein modell av den legendariske skøyta "Arthur" som vart ført av Shetlands-Larsen overrekt som ei gåve til museet i Scalloway. Atle Sangolt, som miste faren sin Karsten Sangolt under ein av ”Arthur” sine taler, heldt ein interessant tale før overrekkinga. Mor til Atle Sangolt vart seinare gift med Shetlands-Larsen. 

Foto: Ein modell av den legendariske skøyta "Arthur" som vart ført av Shetlands-Larsen vart overrekt som ei gåve til museet i Scalloway. Frå v. museumsstyrar Robert Johnson, Atle Sangolt som heldt tale, og modellbyggjar Anker Gravdal frå Stord. 

Reykjavik, Island


Interessert i litteratur og historie som eg er måtte eg sjølvsagt få med meg den store saga-utstillinga på det gamle nasjonalbiblioteket i sentrum av Reykjavik i forfjor, som no er gjort om til kulturhus. Her kunne me m.a. få sjå nokre av dei mest kjende sagaene i originale handskrifter - og som sagt, det måtte eg berre ha med meg.

I det same såg eg at det låg ei oppslått gjestebok på eit bord. Det var fint dandert rundt boka, med friske blomar og levande lys - ja, dei tenkte nok at det skulle vera høgtid kring eit besøk for å sjå dei mange hundre år gamle vakre manuskripta. Eg tok pennen - det var til og med ein ekte fyllepenn - bøygde meg fram og tok til å skriva namnet mitt. Ingen hadde skrive i ho før - det såg ut som eg fekk æra av å vera førstemann. Jo, forresten - på det forrige arket hadde nokon skribla over heile sida… det såg mest ut som Angela Merkel…?

Eg hadde skrive “Knut Rag...” då vakten kom stormande. - Kva er det du gjer?
 - Eg skriv namnet mitt... Det er jo ei gjestebok.
 Vakten såg ganske bestyrta ut. - Den er ikkje for vanlege folk. Det er ei slik bok me har til... presidentar og slikt.
 - Ja, men det kunne ikkje eg vita. Boka låg jo oppslått.
 - Vel, eg får prøva å ordna det på eit vis, sa vakten. - Berre gå og sjå på utstillinga. Det siste sa han i ein tone som tydeleg gav uttrykk for at han ville bli kvitt oss.


 Og me gjekk og såg utstillinga. Då me kom tilbake til vestibylen ein halvtime seinare hadde mykje endra seg. Det krydde av høge. kortklipte og glattbarberte menn i svarte dressar med bul under dressjakka og små headsett. Atmosfæren var litt spent og hektisk.
 - Ser ut som sikkerheitsvakter, sa eg.
 Me fekk tak på sakene våre og tusla ut. 

 Og det var då me kom ned trappa at me byrja ana kva som var på ferde. Utanfor bygningen stod ein skinande svart limousin med kjenneteiknet “Island 1” - presidentens bil. Men flagget på bilen var ikkje islandsk - det tilhøyrde Litauen. Nysjerrige turistar samla seg på respektfull avstand. Det var statsbesøk, med presidenten i Litauen som gjest. Og no skulle dei samlast til møte eller mottaking i det gamle nasjonalbiblioteket. 

 Det var altså difor gjesteboka var lagt fram... Og eg som hadde skribla namnet mitt i den! “Knut Rag...” saman med den litauiske presidentens signatur! Kva hadde vakten gjort med boka - hadde han bytta den ut med ei anna, eller rive ut sida eller brukt korrekturlakk? Der og då var det ganske pinleg å tenkja på.
 Eg hadde uansett ikkje tenkt å bli verande for å finna det ut. Eg tok eit bilete av presidentens bil - og så stakk me.

Ring of Brodgar, Orknøyane


Den eldgamle mystiske steinringen sør på Mainland på Orknøyane (der ein m.a. finn ein stein med norrøne blindruner) er eit must for alle med interesse for eldre historie. Anlegget ligg på eit eid mellom innsjøane Stennes og Harray, og har stor likskap med Stonehenge i England. Underleg nok skal den indre steinsirkelen aldri ha vore undersøkt nærare av arkeologar. Monumentet er gammalt, ein tenkjer seg at steinane vart reiste omlag 2500 år f. Kr., altså samstundes med Stonehenge og liknande anlegg på dei britiske øyar og elles i Europa - som steinsirkelen på Callanish, Hebridane, som er omtala ein annan stad på denne bloggen. Sirkelen er 104 meter i diameter, noko som gjer den til ein av dei største i Storbritannia. Opphavleg skal det ha vore 60 steinar her, no er det berre 27 att.   

Ring of Brodgar (eller Brogar, som det også vert skrive) må definitivt sjåast i samanheng med Stones of Stenness og gravstaden Maeshowe, som er skildra i eit tidlegare innlegg. Her finn me eit såkalla solkvervfenomen, dvs. at sola skin direkte inn gjennom den 10 meter lange gangen ved vintersolkverv 22. desember. Det er ingen tvil om at Ring of Brodgar må ha hatt ein liknande funksjon.

Dei seinare åra er det dukka opp ein eigen disiplin innan arkeologien kalla astroarkeologi, der ein ser nærare på desse anlegga i samband med astronomiske fenomen - der desse steinringane utgjer eit kalendarsystem som er basert på stjernehimmelen og månen og sola sine posisjonar. 

Den dagen eg besøkte Ring of Brodgar var det bitande kaldt, trass i at me befann oss i midten av august. Eg såg over mot den andre sida av innsjøen, mot området der desse enorme steinane skal ha kome frå. Og dei evige spørsmåla meldte seg: Kven var dette folket, kvifor gjorde dei så store anstrengelser for å frakta desse blokkene hit og reisa eit slikt gigantisk anlegg - i tillegg til anlegget på Stenness og dei fire store gravhaugane i nærleiken? Det einaste svaret eg har, er at for 2500 år sidan må dette ha vore ein sterk kultur som prega store delar av vår tids Nord-Europa og Noreg med. Underleg å setja seg inntil ein stein og lytta til vinden...



Dagboknotat, Shetland


Dagboknotat, 14. juni 2013 # Sit og ryddar opp i haugen av bilete på minnekortet. Denne karen her var utruleg nysgjerrig på meg dei to dagane eg heldt meg i nærleiken av selflokken eg fann utanfor Lerwick. Han følgde meg med augene heile tida, på god avstand. Kom eg for nær dukka han under vatnet, men det tok ikkje lange stunda før han kom opp att for å sjå kva eg gjorde. Her har han drista seg heilt inn i sjøkanten...


Douglas, Isle of Man


Somme tider snublar ein rett på noko. I ei gammal steinkyrkje i Douglas, den vesle hovudstaden på Isle of Man, stirer eg opp på ei minnetavle: " Peter Heywood, Esq." ligg gravlagd under kyrkjegolvet. Og kven var så Peter Heywood? Namnet blir kanskje meir kjend om me set det i samband med to andre herremenn som han ofte møtte på Isle of Man: kaptein William Bligh og hans "Master's Mate", Fletcher Christian. Det var faktisk i denne kyrkja, vil soga ha det til, at dei første frøa vart sådd til det som skulle bli skjebnen til dei alle tre: mytteriet på Bounty.

I april 1789, 1300 sjømil vest for Tahiti, leia Christian mannskapet i mytteri mot sin gamle sjef kaptein Bligh, som han hadde segla tre lange sjøferder med sidan han forlot Douglas som 17-åring. Bligh vart drepen og Christian busette seg på Tahiti, vel vitande om at han ville bli hengd om dei britiske styresmaktene fekk tak på han. Ikkje mange årene seinare døydde han av sjukdom. 

Tredjemann, Peter Heywood, var også med på mytteriet. Han vart seinare teken til fange på Tahiti, dømd til døden, men benåda - og gjenopptok sin karriere som sjøoffiser. Og no finn eg han altså her i denne gamle, mørke kyrkja, gravlagd under føtene mine, for å seia det slik...  

Mytteriet på Bounty har ein eim av eventyr kring seg. Realiteten var nok annleis. Men få hendingar har vore gjenstand for så mykje romantisering, gjennom filmar, bøker og mytedanning. 


Clickimin Broch, Shetland


Ordet "broch" kjem av det skotske ordet "burgh" og tyder nett det - ein borg. Det er tårnliknande forsvarsverk som er datert frå ca. 100 f. Kr. til 300 e.Kr. I si tid skal det ha vore meir enn fem hundre slike borgar nord og vest i Skottland, og på Hebridane. Dei er ganske unike for Skottland, det finst ikkje liknande anlegg nokon annan stad. Dei er bygd på nøyaktig same måte, slik at ein kan snakka om ein standardisering. Det har sett somme historikarar på tanken om at det fanst eigne lag av broch-byggjarar der kunnskapar gjekk i arv og som reiste frå stad til stad i meir enn tre hundre år. På øya Lewis fekk me sjå eit døme på ein slik broch ved Dun Carloway. I dag er dei fleste av desse anlegga knapt å sjå meir, men det finst framleis nokre godt bevarte anlegg som det nemnde, samt på Shetland.

Det har opp gjennom åra vore mange teoriar knytta til desse meir enn 2000 år gamle anlegga. Den gjeldande tankegangen er at broch vart bygd av dei lokale busettarane, kanskje med hjelp av omreisande handverkarar som bidro til å gi byggverka den tilsvarande formgjevinga som andre stader.

Men kvifor vart alle desse enorme anlegga bygde? Var det forsvarsanlegg, der lokalbefolkninga og buskapen deira kunne ha som vern? Eller var det festningar der lokale landeigarar kunne herska over den undertrykte befolkninga? Eller kan det tenkjast at dei rett og slett var si tids staselege byggverk, objekt for prestisje og svært synlege demonstrasjonar på makt for betydningsfulle familiar?

I dag studerer arkeologane gjerne kvart broch-anlegg for seg, og tvilar på at det var ein felles grunn for bygginga av alle anlegga. Den tette grupperinga og antalet i mange områder vert sett på som eit argument mot at dei var for forsvar eller prestisje. Det er t.d. store skilnader på plassering. Konstruksjoner av broch er nokre gongarm, som ved Old Scatness på Shetland, funne i nærleiken av dyrkbare landområder og ferskvatn, andre gongar er dei funne i audemark, som ved Levenwick og Culswick på Shetland, og Castle Cole i Sutherland. Broch er ofte bygd i nærleiken av sjøen, noen ganger er de bygd på øyar i innsjøar, som Clickimin på Shetland.


Jarlshof, Shetland


Dagboknotat 11. juni 2013: I dag tok eg ein dagstur sør på Mainland, til Jarlshof. Som vanleg med rutebussen. Ettersom den går i kriker og kroker tek det si tid, og eg får rikeleg med anledning til å sjå meg rundt og få med meg bitar av folkelivet. 

Jarlshof er ein av dei mest interessante arkeologiske stadene i Storbritannia, og i Europa for den del. Her finn ein tydelege spor etter busetning gjennom 3500 år, frå bronsealderen til jarnalder, pikter-kulturen og vikingtid og fram til den borgen som det no berre finst nokre sørgelege ruinar att av, som vart bygd på 1600-talet. Hit kom den skotske diktaren Walter Scott på byrjinga av 1800-talet, og det var han - romantikar som han var - som gav borgen namnet Jarlshof. Og inspirasjon til romanen "The Pirate" (1822).  

Over eit relativt stort område finst det grunnmurar og delvis bevarte byggverk etter alle desse menneska som har levd her gjennom tre og eit halvt tusen år - fantastisk!




Harris, Hebridane


Trygve Kvist Irrborg  frå Bergen, nærare bestemt Fyllingsdalen, hadde eit ganske spesielt ærend på øya Harris då han besøkte staden i 2008. 

- Eg har følgd slektshistoria på farssida så langt tilbake som det går, fortalde han. -  Nesten sikkert er det at me slektar frå ein familie eller klan som heiter MacLeod, på øya Skye i Skottland.  Eg har tidlegare vore på Dunvegan Castle på Skye og fått vita meir om slekta. 

- Nokre av gravene til klanen skulle liggja ved St. Clements Church på øya Harris i dei ytre Hebridane. Kyrkja er ikkje lengre i bruk,  men er open for besøkande. Ho vart bygd på 1500-talet, på ein stad der det tidlegare har stått ein bygning, kanskje ei kyrkje. I tårnveggen er det satt inn ein stein frå ei tidlegare tid. Me finn også oksehodet frå våpenskjoldet til MacLeod i kyrkja. Inne i kyrkja fann eg nokre  gravminne og utanfor var det  fleire... 

Det er godt jordbruksland i området kring kyrkja - kanskje det beste på Harris. Difor hadde MacLeod-klanen sin base der i lang tid, og kyrkja brukte dei som si kyrkje sjølv etter at dei flytta til øya Skye der dei  opprettea ein ny base på Dunvegan Castle.

Foto: På sporet av sine skotske anar. Trygve Kvist Irrborg ved grava til ein ekte MacLeod, i  St. Clements Church på øya Harris i dei ytre Hebridane, der eg fekk høyra han fortelja denne fantastisk spennande historia.  


Peel, Isle of Man


Øya Man har ein strategisk viktig posisjon i Irskesjøen. Frå dei eldste tider har øya hatt nær kontakt med både Irland og Storbritannia. Særleg syner det gæliske språket som tidlegare vart nytta på øya at det må ha vore innvandring frå Irland på eit tidleg tidspunkt. I vikingtida slo også norske vikingar seg ned her. Den første formelle tilknytinga til Noreg fekk øya først seinare, då ho vart erobra av kong Magnus Berrføtt i 1098. Etter at han døydde i 1103 vart øya styrt av eigne kongar, som var underlagt kongen i Noreg. Kongedømmet omfatta også somme av øyane i Hebridane. 

Foto: Det finst ingen kjende portrett av Magnus Olavsson, men dette ukjende steinhovudet som arkeologane fann ved Peel Castle, ei festning grunnlagd av Magnus, kan representera ein mann frå perioden. (Wikipedia)  

Torshamn, Færøyane


I 2008 fekk ei pølsebu (eller me kan like godt seia pølsebua, i eintal) i Torshamn besøk av sjølvaste eks-president Bill Clinton. Her er menyen. (Personleg har eg pålagt meg sjølv eit langvarig pølsebu-forbod og fekk ikkje testa varene). Kva han valde veit eg ikkje - men kanskje ein Brennande Kærleiki med Heitt Popcorn?

Burra Island, Shetland


Sjølv om øyriket i vest vart innlemma i det skotske riket heldt vestlendingane fram med å reisa til Shetland i ymse ærend. Og hjaltlendingane heldt fram med å koma hit. Professor Jørn Øyrehagen Sunde peikar i eit skrift på at hjaltlendingane vart rekna som nordmenn, difor vart dei ikkje ført til protokolls i dei norske tollrekneskapa. Det gjer at det i dag er vanskeleg å skaffa seg ei presis oversikt over omfanget av handelen mellom Sunnhordland og Shetland. Men at den var omfattande er det ingen tvil om. 

Frå 1630-åra heiter det at innbyggjarane på øya Unst nord på Shetland hadde ein eigen bark som dei segla til Noreg (Sunnhordland) med, der dei kjøpte m.a. ferdigtømra hus, tjøre og båtar av alle slag. Båtane vart frakta over Nordsjøen i ”halvfabrikata” og sett saman på Shetland. Ikkje minst gjekk desse turane til Tysnes. For nokre år sidan drog Einar Heldal og Helge Storetvedt frå Onarheim på Tysnes i Sunnhordland til Lerwick, med professor Mikal Heldal (son av Einar) som reiseleiar, sjåfør og læregut, med ein slik flatpakka båt og sette den saman på gamlemåten, til stor interesse frå lokalsamfunnet si side.  

På biletet studerer Mikal Heldal (t.v.) ein typisk shetlandsbåt saman med den kjende båtbyggaren Tommy Isbister, heime i verkstaden til sistnemnde, i ein landsby ved Burra Island. Tommy Isbister er særs oppteken av å ta vare på dei gamle båtbyggjartradisjonane. Båttypen som me finn på garden hans vert kalla "yall" og er ikkje ulik ein norsk færing.

Les MEIR om tradisjonell båtbygging på Shetland...

Reykjavik, Island



I 1902 vart Ole Myklestad frå Tysnes henta til Island for å leia bøndene i kamp mot saueskabben som truga med å utrydda sauebestanden på sagaøya - og såleis også truga landets nasjonaløkonomi. Ole Myklestad var då ein mann på over 60 år og vart verande på Island i mange år. I 1909 vart han utnemnd til ridder av Dannebrogsordenen for innsatsen.

Vel heimkomen skreiv Ole Myklestad ei bok om sine mange strabasiøse ferder kring på Island. Men så gjekk det ikkje betre til enn at boklageret i Bergen brann ned før boka var kome i bokhandelen - berre nokre få eksemplar vart redda ut or flammane. For nokre år sidan fekk eg ein fotostatkopi av boka, som etter mi meining burde gjevast ut på nytt, utan at det hittil har lukkast meg å få nokon interessert. Ole Myklestad gav også ut fleire andre bøker under opphaldet på Island, om behandling av saueskabb og sjukdommar på fjærkre. På universitetsbibioteket i Reykjavik fekk eg fotografera eit av dei sjeldne eksemplara av boka hans "Gjennem Island paa kryds og tvers”. Eg har skrive fleire artiklar om Ole Myklestad og veit etter kvart mykje om han.


Yell, Shetland


På veg over øya Yell (!) på Shetland i forfjor sommar køyrde me forbi det heimsøkte huset Lund House, der det ikkje har budd folk sidan 1947. Det vert sagt at Djevelen sjølv har sett merket sitt i flaggstonga! Soga er den gode gamle: på 1800-talet vart ei tenestejente gravid med sonen i huset, det kunne sjølvsagt aldri bli noko av og ho styrta seg utfor taket og tok livet av seg. Sidan den tid har det spøkt i huset. No står det altså tomt...

Det var den gamle soga
om elsk og kjærleiks frukt
Du veit, den gamle soga
om svik og kjærleiks tukt

Ei tenestejente var ho
og ho tente i huset på Lund
Og han var son til herren
son til herren i huset på Lund

Det var den gamle soga
om elsk og svik og kjærleiks tukt
Du veit, den gamle soga
om herremanns son og forboden frukt

Så styrta ho seg frå tårnet
i det heimsøkte huset på Lund
- tenestejenta som svor på at ho ein dag
skulle for alltid bli frua på Lund...

Douglas, Isle of Man


Eg er glad i å gå på kyrkjegardar. Som dei einsamme kyrkjegardane ytst ute i havgapet på Færøyane, eller som dei gamle og mest løyndomsfulle stadene ein kan finna i England - eller som her, i Douglas på Isle of Man. Stader med mang ei historie å fortelja. Og det blir neppe det siste biletet frå gravstader der vest på denne bloggen. 

Lewis, Hebridane


På øya Lewis kan du besøka eit typisk black house, eller ”svarthus”, den gamle hustypen som var i bruk på Hebridane i hundrevis av år, like mot slutten av 1960-åra. Det er snakk om lange, låge hus med husdyr i den eine enden og bustad i den andre, slik det også var vanleg her til lands. Desse husa vart vanlegvis bygd med ein dobbel steinmur som er isolert med jord og tømmerstokkar, og med anten torvtak eller evt. stråtak i meir sjeldne tilfelle. Dei nytta jordgolv, med eit bål midt på golvet, utan korkje skorstein eller ljore. Røyken fann ganske enkelt vegen ut gjennom taket. Det var både mørkt og røykfylt i desse stovene, noko me fekk eit døme på då me vitja dette "svarthuset". Det var fyrt med torv, og lukta av torvrøyk vart hengjande i kleda i eit par dagar etterpå. I denne stova budde det altså folk fram til for mindre enn 50 år sidan!


Unst, Shetland


Den datoen dette innlegget blir lagt ut, 1. november 2013, er det nasjonal strikkekveld i Norge. Så kva passar vel betre enn eit lite innblikk i den shetlandske strikkekulturen?

I 2009 var eg med kona på "strikketur" til Shetland - det handla med andre ord om sauer, ull og garn heile vegen. Det resulterte i ein større artikkel om ullindustrien på Shetland - frå besøk hos sauebønder (på Shetland er det ca ein halv mill sauer), til ullmottaket i Lerwick og produksjonen på Jamiesons ullvarefabrikk, som produserer maskinstrikka ullplagg. Her er ein stolt sauebonde på Unst, den nordlegaste øya, som tek ein pause i klyppinga, med ein av dei typiske blackface-sauene som ein ser alle stader kringom på øyane. 

PS. Sauene på Shetland er ofte glade i å beita nede ved fjæra, noko som set ein spesiell "tang-smak" på kjøtet.



Lunna House, Shetland


Dei fleste nordmenn set automatisk Shetland i samband med Shetlands-Larsen og dei fårefulle ferdene fram og tilbake over Nordsjøen. Det desse mennene gjorde var ikkje lite - då krigen tok slutt hadde shetlandsbussane transportert 192 agentar og heile 383 tonn med våpen og forsyningar til Noreg, samstundes som dei hadde hjulpe 73 motstandsfolk og 373 flyktningar ut av landet. Men det hadde også sin pris - 44 sjøfok miste livet.

Den første tida budde Shetlands-gjengen på 1700-tals herregarden Lunna House. Etter ei tid til nedfalls etter krigen er den gamle herregarden no fiksa opp av eit ektepar frå England, som driv pensjonat her. Så om du kan tenkja deg ei tid på Shetland i særs fredelege (og herskapelege) omgjevnader, er det berre å leita dei opp. Her kan du jamvel bu på Shetlands-Larsen sitt gamle rom.


Callanish, Hebridane


Steinringen ved Callanish på Hebridane har fått status som ein god nummer to etter Stonehenge i England. Anlegget er datert til kring 2000 f. Kr. og består av 13 primærsteinar som dannar ein sirkel på 13 meter i diameter, med ei lang rekkje mot nord og kortare rekkjer i dei andre retningane (kanskje fordi steinar er blitt vekke).

Sett frå lufta ser ein tydeleg ein noko "skeiv" keltisk kross (sjølv om ein ikkje skal leggja for mykje i nett dette). Høgda på steinane varierer noko, frå ein til fem meter. Samtlege steinar ser ut til å vera tekne frå steinbrot i området. Det er funne spor etter gravlegging her.

Både innan folketrua og også hos somme vitskapsmenn er steinringen sett i samanheng med astronomiske fenomen - eit kalendarsystem som er basert på månen sin posisjon. Det vert peika på at fullmånen ved midtsommar, når den stig over ein av åsane i nærleiken, skin gjennom "steingata" når ein ser mot sør. Men som det heiter - derom strides dei lærde..



Borg, Island


I fjor sommar og haust las eg sagaen om Egil Skallagrimson, Islands nasjonalpoet. Det er ein av dei mest omfangsrike sagaene. Egil Skallagrimson levde i landnåmet si tid, og det var sjølvsagt ei stor stund då me besøkte staden der han budde, på Borg, ein 5-6 mil vest for Reykjavik, i august i fjor. Ettersom eg i si tid studerte litt norrønt og las Egils saga på ei blanding av norrønt og engelsk, vart eg overlaten mikrofonen i minibussen som tok oss med på ein "saga-rundtur" til nokre av dei mest kjende historiske stadene, og fekk applaus for framføringa mi frå sagaen på norrønt talemål, jamvel frå den islandske guiden. Men det er sant å seia med meg som med degnen som snakka latin med Erasmus Montanus, ingen andre enn Erasmus kunne høyra at han eigentleg berre babla i veg på eit slags heimesnikra kvasi-latin (vel, guiden høyrde det nok). Men kva gjer det, flott høyrest det!

På Borg finst det eit museum som er vigd til Egil Skallagrimsson og landnåmstida på Island. Eg fall for denne figuren - slik såg ein skikkeleg trollmann ut i dei tider!

Under: gravhaugen til minne om Egil. 




Nólsoy, Færøyane


Nytt og gammalt, fortid og notid samlar seg i kameralinsa: steinrøysa i forgrunnen er synlege spor etter busetning i vikingtid, medan den vesle landsbyen på Nólsoy ein halvtimes ferjetur frå Torshamn på Færøyane klumpar seg saman i bakgrunnen. Det kan gå hardt for seg her når vinterstormane set inn.

Yell, Shetland


Ull har vorte det viktigaste materialet for fleire kunstnarar på Shetland. Ein av dei er Liz Gott. Ho held til på Yell, ei av dei nordlegaste øyane, i ein liten landsby der landhandelen nede ved sjøkanten berre har ope eit par timar til dagen. Butikken ser ut til å ha endra seg lite dei siste tretti åra.

Liz Gott lagar strikka bilete, av Shetlandsull. Dei vert til på ein ganske omstendeleg måte, fortel ho. - Eg byrjar med å ta bilete av motivet. Dette overfører eg til pc'en og endrar fargane slik at det vert berre nokre få grunnfargar. Frå dette biletet lagar eg eit strikkemønster via ei strikkemaskin.

Etter at bileta er strikka på maskin supplerer ho med andre teknikkar, som filting, toving og saum, samt opphøgde felt. Det er ein relativt komplisert prosess. Frå dette mønsteret vert biletet strikka ferdig. Resultatet vert vakre bilete som ein meir enn gjerne vil ha på veggen.


Snaefell, Isle of Man


Snaefell er det høgaste fjellet på Man, 621 meter over havet. Hit opp kan du sjølvsagt gå på dine bein, men du kan også ta den meir enn eitt hundre år gamle elektriske jarnbanen hit, ei smalspora bane med ei stadig vidare utsikt ned mot dalføra under jo høgare opp du kjem. Ikkje så reint få motorsyklar finn også vegen opp til toppen, for er det noko denne øya er kjend for, så er det dei tradisjonsrike motorsykkeløpa som går av stabelen i mai og juni. Resten av tida ligg dei i trening. 

Om du synest namnet liknar litt på "Snøfjell", så er det ikkje så dumt tenkt - det er nemleg norrønt for nettopp det, eit språkleg minne frå den tida vikingane herska over dette vesle øyriket midt i Irskesjøen. Og snø kan du faktisk oppleva her, midtvinters.

Frå toppen av Snaefell kan du i følgje gammal tradisjon skoda heile seks kongedømer: England, Irland, Skottland, Wales, Man og Guds kongedøme i himmelen.

(Bilete: Britt)

Kerid, Island


På Island ventar dei berre på eit nytt vulkanutbrot. Det er ikkje eit spørsmål om viss, berre om kor tid. På vår første Islandsferd var me ikkje i nærleiken av vulkanen under Eyjafjallajökull, me såg han berre i det fjerne (men var nærare på turen i år, 2013). Derimot besøkte me det eldgamle vulkankrateret Kerid, med ein innsjø i botnen. Underleg nok lever det fisk i vatnet. Ingen veit korleis det kan ha seg - det finst nokre teoriar om underjordiske passasjar til vatn langt unna, men ingen veit det sikkert. Artisten Björk heldt ein konsert i krateret for nokre år sidan. Forsiktig som eg er våga eg meg ikkje lenger ut på kanten. Det var laus grus og langt ned.  

PS. Mange av bileta eg har teke på Island ser ut som dei er photoshoppa eller av dårleg fargekvalitet. Men slik er det berre der. Fargane er reelle nok. 

Tynwald, Isle of Man



Islendingane likar gjerne å skryta av at dei har verdas lengst fungerande parlament, tinget som møttest på Tingvellir. Det er ei sanning med modifikasjonar. Slike ting fanst overalt der vikingane slo seg ned, og på Isle of Man finn ein i dag det som faktisk er verdas eldste eksisterande parlament. Tynwald (tingvoll) vart grunnlagt av vikingane for over eitt tusen år sidan, og har heldt fram med å fungera uavbrote fram til i dag. Mange veit kanskje ikkje at Isle of Man er eit sjølvstendig land og alltid har vore det, som ein del av det britiske samveldet. Og det var altså vikingane som grunnla dette ganske spesielle øysamfunnet! Historikarane meiner å påvisa at dette var den einaste staden der vikingane blanda seg med den eksisterande keltiske befolkninga på fredeleg vis.

Eit besøk på Tynwald er ein underleg affære. Ein gong i året samlast parlamentet her, m.a. for kunngjering av endringar i lovverket. På eit ganske treffande vis munner minnesmerket ut i ein keltisk kross, for vikingane som kom hit blanda seg raskt opp med den kristne keltiske befolkninga. I dag er folk flest på øya pussig nok metodistar og ikkje katolikkar, som ein gjerne skulle tru - men det er ei anna historie.


Lerwick, Shetland


Saueklyppinga byrjar tidleg på Shetland. I slutten av august er det hektisk aktivitet på ullmottaket i Lerwick, på Shetland Wool Brokers – eller Jamieson & Smith Ltd., som det eigentleg heiter. Lastebil etter lastebil trillar opp framfor lageret i utkanten av byen, lasta fulle av ull. Og den travlaste av dei alle er sjefen sjølv – Oliver Henry, også kalla "Mr. Wool". For det er ingen som kan så mykje om sauer og ull som han.

Sauehald har alltid vore ein viktig del av økonomien på Shetland, fortel han. - Men i dag er det ikkje så mange mellom dei unge som har gode nok kunnskapar. Oliver er ganske enkelt bekymra for kva som skal skje den dagen han sluttar.

Oliver snakkar lenge og med stor entusiasme. Dette er eit emne han veit det aller meste om. Det er så mange faktorar som spelar inn for å få god ull.

I butikken til ullmottaket vert det handla flittig. Det vesle utsalet er eit eldorado for strikkekåte damer. Her finn du ull i alle variantar og stadiar. Det finst 28 saueraser å få ulla frå. Ull frå Shetland er framleis noko ganske spesielt.

Reykjavik, Island


Reykjavik har somme stader ein profil som minner meir om ein amerikansk storby enn den litt gammalmodige nordiske staden eg hadde venta meg då eg kom til Island for første gong . Rett nok er det mykje som minner om Noreg i sjølve sentrum og i den 1 km lange handlegata Laugavegur, men kjem du litt utanfor sentrum er det glas og betong og høghus heile vegen.

Dette biletet er frå det næraste nabolaget vårt den veka me budde på Borgartun i 2011, 2 km frå sentrum. Me kunne anten gå langs strandpromenaden inn til sentrum, eller gjennom handlegatene, så det vart aldri så kjedeleg at me valde bussen. Det var ikkje berre alle "skyskraparane" som minna om at Island ligg nær USA, men også den tette trafikken - som gleid raskt og hissig på breie vegar. Omlag slik var også mitt aller første møte med Reykjavik - ein open by med ein masse luft, ein masse trafikk. 

Scalloway, Shetland


I fjor (2012) var eg med på 17. mai-feiringa på Shetland. Det var lagt opp til ei ganske spesiell feiring det året, ettersom statsminister Jens Stoltenberg var på statsbesøk denne dagen. For oss nordmenn var det kanskje litt vanskeleg å forstå kor populært dette statsministerbesøket eigentleg var. Eg høyrde etterpå at det norske flagget vaia over rådhuset i Lerwick ei heil veke etter at statsministeren hadde reist.

Onsdag 16. mai sette eit følgje på 45 personar seg på eit charterfly på Stord Lufthavn med kurs for Shetland. Med i flybagasjen var ein modell av Shetlands-Larsen sin legendariske skøyte "Arthur".

Dei såkalla nordsjøbussane gjorde ein uvurderlig innsats under krigen, og vart Noreg sitt bindeledd til England. Med på turen var menn som sjølv hadde opplevd denne tida, og etterkomarane etter dei tapre mennene som trossa uver og tyskarane sine kuler.

Modellen av skøyta "Arthur" blei overlevert det nye museet i Scalloway under ei tilstelling om kvelden 16. mai, medan sjølvaste statsminister Jens Stoltenberg stod for den offisielle opninga dagen etter, på 17. mai.

Det var et lagt opp til eit tettpakka program dei to dagane turen varte. Omlag eitt tusen shetlendingar og nordmenn hadde samla seg til 17. mai-feiringa i den vesle byen Scalloway, som var hovudkvarteret til Shetlandsgjengen under krigen. Anført av sekkepiper og både vaksne og born i fantasifulle vikingerkostymer gjekk paraden gjennom byen til minnesmerket over dei falne nordmennene under krigen.

Etterpå var det 17. mai-feiring av godt, gammalt merke. Kanskje ikkje heilt som hjemme i Noreg, men alle storkoste seg og til og statsministeren unna seg ei varm pølse i den iskalde vinden.