Castle Rushen, Isle of Man


Isle of Man i Irskesjøen vart ei vikingøy allereie på 800-talet, og var under norsk herredøme fram til 1266 då den norske kongen selde øya til Skottland. Seinare hamna øya på engelske hender fram til 1765, då Isle of Man vart ein suveren stat. I dag er Man eit mini-rike for seg sjølv, med eige parlament, eigne lovar og eigne pengar, men framleis medlem av det britiske samveldet. 

Sentralt i alle tumultane stod borgen i Castletown, den gamle hovudstaden på Man. Castle Rushen er den best bevarte mellomalderborgen i Storbritannia, bygd under det norske styret, av Mans siste norrøne konge Magnus III av Man (1252–1265). I dag kan ein vandra gjennom borgen, opp og ned smale trappegangar, inn og ut av kammers og store hallar, og gjenoppleva det til dels dramatiske og i alle høve fargerike livet som ein gong utspant seg her, i krig mot England eller seinare,  då dei såkalla lords of Man heldt til her.  

Ein kan seia kva ein vil, men britane kan dette med å skapa levande musear. Castle Rushen er full av livlege tablåar. Her kan den besøkande m.a. vera til stades under ein overdådig bankett med den siste kongen av Man, biskopen og slottsforvaltaren. 

(Bilete under: Wikipedia)


Haroldswick, Shetland


Haroldswick tyder som namnet seier "Haraldsvika", på den nordlegaste øya på Shetland, Unst. Namnet stammar frå den gongen Harald Hårfagre landa her med skipa sine, i året 875. Og det var ikkje i eit kva som helst ærend. Harald kom hit med ein stor flåte for å gjera krav på Shetland som norsk land, dvs. han hærtok desse øyane og drepte dei norske vikingane som hadde flykta hit etter at Harald hadde lagt under seg Noreg.

Om dette fortel Snorre: "Kong Harald spurde at vikingar herja vidt om i Midtlandet, dei som om vintrane var vestanfor havet. Han hadde då leidang ute kvar sommar og ransaka øyar og utskjær, men når vikingane oppdaga hæren hans flykta dei alle, dei fleste ut i havet, men då kongen vart lei av dette, så var det ein sommar at kong Harald segla med sin hær vester over havet, han kom først til Hjaltland og drebte alle vikingane der, som ikkje flykta unna. Sidan segla han sør til Orknøyane og reinska der alt for vikingar." 

Ved Haroldswick finn ein restane etter ca. 60 langhus frå vikingtida, som utgjer den tettaste busetnaden ein kjenner til frå denne tidsepoken, Skandinavia inkludert. I tillegg finn du ein replika av Gokstadskipet på stranda, "Skibladner". Og så er det berre å ta fantasien til hjelp...

St. Kilda, Hebridane


Det er nokre kvite stader på kartet - (mange kvite stader, sjølvsagt), stader eg drøymer om å vitja, eller har planar om å leggja inn på reiseruta. Ein av desse stadene er den vesle øygruppa St. Kilda, som ligg fjernt ute i Nord-Atlanteren - 180 km utanfor dei ytre Hebridane. I tusenvis av år levde det folk her, som livnærte seg av fuglefangst og det havet har å by på, fullstendig isolert frå omverda. 

Folket på St. Kilda, som ikkje talde meir enn nokre hundre, takla både eit einsformig kosthald og det som vel må kallast for innavl. Men på byrjinga av 1900-talet tok det til å skje noko. Born døydde som små, vaksne vart også sjuke og døydde, og i 1930 skreiv dei 35 gjenlevande eit brev til dei britiske styresmaktene og bad om å bli flytta frå øyane. Det er ikkje ofte slikt skjer. Men det skjedde - og i dag er øygruppa fråflytta, bortsett frå ein liten miltærbase som er oppretta der. Ruinane av gardar og hus og den vesle landsbyen på Hirta, den største av øyane, vert vedlikehalde av friviljuge om sommaren. 

I tillegg til at landsbyen er bevart intakt som den stod for 100 år sidan, er det ikkje mindre enn ca. 1400 små og store steinbygningar på øyane, mange av dei svært gamle. Men i dag er det fuglar som har overteke det vesle øyriket - øygruppa huser den største sjøfuglkolonien i Europa.

For nokre år sidan var me ein liten gjeng som tenkte oss ut dit med båt. men sjøen var grov, veret var ustadig og det vart ikkje noko av. Men framleis er St. Kilda ein stad eg har lyst til å sjå - ein verkeleg øde øy.

(Kart og foto: Wikipedia)


Vestmannabjergene, Færøyane


Ingen tur til Færøyane utan ein båtreise til Vestmannabjergene! Om veret er bra, då. Og det var det då me drog ut til desse underlege fugleberga langt ute i havgapet, med den opne Atlanteren som ein magisk, lysande ballsal kring den vesle båten, som rugga frå side til side då me sigla inn i ein av dei kjempesvære grottene i ei av dei steile fjellsidene, der sauer beita i nærast nitti graders vinkel høgt over oss. 

I gamle dagar sigla fuglefangarar ut hit. Frå klippen Heygadrangur hang det før i tida eit reip som dei brukte til å heisa seg opp langs fjellsida med. Det hender også den dag i dag at dei heiser sauer ned på dei grasrike fjellhyllene, som er godt gjødsla av tusener på tusener av fuglar. Først om hausten, når dei skal slaktast, vert dei heiste opp att. Og fuglane som held til her, ja, det er lomvi, lunde, skarv, måke og alker, mellom anna. 


Lerwick, Shetland


Dagboknotat, 10. juni 2013: I dag fyller eg år - og så har det vore den store traskedagen. Frå hotellet går det ein gangsti langs Breiwick (dvs. Breivik, dei fleste stadnamn her er norske) og opp til toppen av The Knab, eit gammalt forsvarspunkt frå krigen mot Holland på 1600-talet. Her såg eg to seler som leika seg i sjøen.

Litt nede i bakken fann eg også kyrkjegarden i Lerwick. Eg brukar alltid mykje tid på kyrkjegarden kvar eg enn kjem. Ein kyrkjegard er som ei historiebok. Det første eg la merke til var at den keltiske krossen (som eg sjølv har rundt halsen) ikkje finst her - eg vart litt i stuss over det, ettersom den keltiske krossen er predominerande elles i vesterveg. Her er det protestantismen som rår grunnen.

Det er elles ikkje mindre enn 10-12 kyrkjer i Lerwick, med eit innbyggjartal på ca 25 000 - pluss biblioteket, som held til i ei nedlagt kyrkje, og her somna eg på galleriet (orsak, lesesalen) - og har no vakna til att, sit her med ein whisky og tenkte meg bort til Tesco, supermarknaden,  eit ærend - den einaste i sitt slag på desse kantar. Ein framifrå plass for å få med seg det lokale folkelivet. 

I dag er det dessutan opphaldsver. Men kaldt, ein skulle mest tru det er om hausten. 


Geysir, Island



Geysir er som bekjendt én af Verdens største Springkilder, idet den opsender sine kogende Vandstraaler til en Høide af optil 120 Fod. Forresten er der flere andre smaa Springkilder tæt ved. Efter et Jordskjælv for nogle Aar siden, har man lagt Merke til, at Springkilden ikke opsendte sine Vandstraaler saa hyppig som før. Derfor maa de Reisende mange Gange finde sig i blot at have seet Stedet og de øvrige Springkilder uden at have seet Geysir i Virksomhed. Man har fundet ud, at naar man medbringer for 20—30 Kroner i Grønsæbe og kaster denne Beholdning ned i Aabningen, kan man atter faa den lunefulde Kilde til at spririge nogle Gange. 

Geysirs Krater ligner en Tragt, hvis øverste Rand er 30 Alen i Diameter, men lige i det samme den skal springe, bliver det vandop-fyldte Krater ganske tomt, saa den opsendte Vandstraale presses op fra en meget trangere Aabning længere nede, og denne Tragt har en Diameter paa ca. 5 Alen. Man tilskriver ogsaa Uregelmæssigheden Stene, som de Reisende har moret sig med at kaste ned i Aabningen, som derved delvis er blit tilstoppet. 

(Ole Myklestad i "Gjennem Island paa kryds og tvers", 1915. Biletet over og under viser naboen Strokkur som har utbrot ca. kvart femte minutt.)


Skálavík, Færøyane


Det er noko som heiter nøklar til himmelriket. Kanskje beslaget på denne døra i kyrkja på Skálavík er meint å skulle minna om det. 

Skálavík vert første gongen nemnd i det såkalla Hundebrevet (færøysk: Hundabrævið). Hundebrevet vart skrive ein gong mellom 1350 og 1400. Brevet handlar om hundeavl på øyane, men har i moderne tid blitt ei viktig kjelde til å stadfesta mange færøyske bygders alder. Men truleg har det vore busetnad i bygda lenge før den tid. Ein tenkjer seg gjerne at dei første gardane vart lagt heilt nede ved sjøen, og at busetnaden først på 1600-talet vart flytta lengre inn i dalen. Dalsgarður i Skálavík var ei av dei største kongsgardane på Færøyane, og mellom anna bustad for lagmann Jákup Jógvansson. 

Steinkyrkja i bygda, Skálavíkar kirkja, er frå 1891. 



Scalloway Castle, Shetland


Scalloway Castle vart bygd i 1599 av Patrick Stewart, den andre jarlen av Orknøyane, og er i dag berre ein ruin - og eit uhyggeleg minne frå ei tid med mykje vald og harde feidar. Dei som budde her fór hardt fram mot lokalbefolkninga, som var fråtekne jorda, i tillegg til at dei stadig låg i krig med den eine og den andre. Like i nærleiken finn me også Gallow Hill, galgebakken, der dei to siste heksane på Shetland vart brende i 1690. Ei brutal og uhyggeleg tid! Til sist var det ikkje noko att av jarledømmet heller, etter mykje strid og elende, og alt utpå 1700-talet tok det til å lekka regnvatn inn gjennom taket på borgen, som må ha vore både imponerande og ikkje så reint lite fryktinnngytande i si tid. Alle skyteskåra i murane fortel sitt. 

Det regna også den dagen eg besøkte besøkte borgen sist, i juni 2013 - og gongen før det igjen, i mai 2012 - så det er ikkje rart at eg set desse ruinane av stein i samband med alt som er rått og kaldt. Skjønt, ruinar er ikkje heilt rett å kalla det - du kan framleis vandra gjennom lange korridorar og opp breie trappar. Eg stansar lenge i jarlen sitt sovekammer, som er intakt - og ein treng ikkje mykje fantasi for å sjå for seg livet den store hallen med den store eldstaden langsmed den eine veggen. På veg ned trappa finn eg fram til fangeholet på bakkeplan. Om desse kalde, fuktige steinveggane kunne tala...

Anders Mowat, busett på Tysnes i Sunnhordland - svigerfar til Ludvig Rosenkrantz som bygde slottet i Rosendal - tok del i rettssaker her, som dommar - seinare skreiv Johannes Heggland romanen "Det pantsette landet" og kom hit saman med dottera Marianna, på 1970-talet,  dei tok eit fotografi av borgen som vart teikna av og nytta på omslaget til boka - det blåste slik den dagen at Johannes måtte støtta henne då ho tok biletet (sjå blogginnlegg for januar 2014).

Og no vandrar eg rundt i den delvis samanrasa borgen, mutters åleine, høyrer vinden ula og regnet som dryp, det er elles stilt, så stilt - eg synest eg høyrer steg, og røyster, men det er ingen...

Etterpå går eg opp i landsbyen og ventar på rutebussen tilbake til Lerwick i øsregnet. Ein eldre mann kjem og ventar i lag med meg. "A puuur day," seier han ut i det mistrøstige veret, med karakteristisk rulle-r.


Lerwick, Shetland


Eg har tidlegare i denne bloggen skrive litt om dei såkalla hjeltabåtane som vart henta over til Shetland frå Sunnhordland på større båtar i "flatpakka" stand og sett saman ved ankomst. Men Shetland sin båtbyggjarkunst er sjølvsagt langt større enn det, i eit samfunn som i kanskje langt større grad enn den norske kystkulturen har vore avhengig av fiske og sjøen som transportveg. Båtane på Shetland er ikkje så ulike dei vestlandske færingane, og på museet i Lerwick står (eller rettare sagt heng) nokre fine eksemplar utstilt. 

Derimot har eg aldri sett at dei tradisjonelle shetlandsbåtane har enda sine dagar som garasjetak o.l. andre stader enn på Shetland! Ein fin og artig (og praktisk!) skikk, synest eg!


Reykjavik, Island


På Island stifta eg for første gong kjennskap med den gamle hnefatafl, i form av eit souvenirsett som eg fann i gåvebutikken på nasjonalmuseet i Reykjavik. Heime att lærte eg meg å spela det, og fann etter kvart fann til litteratur om emnet - både hnefatafla og om den norrøne kulturen sitt tilhøve til sjakk, skáktafl , som etter kvart utkonkurrerte hnefatafl. Men frå ganske tidleg av vart hnefatafl etablert som det mest poopulære spelet i vikingtida. Det vart ikkje nytta trebrett, brikkene vart flytta rundt omkring på ein linduk med broderte felt om det skulle vera fint, på same vis som modellen eg kjøpte. 

Vil du spela hnefatafl online? Det finst fleire stader på nettet, t.d. HER http://tafl.cyningstan.org.uk/http://tafl.cyningstan.org.uk/

Mainland, Orknøyane


Mange har fundert på kvifor steingjerdene vestpå vert "toppa" med spisse steinar. Er dei der for å "sila" av regnet, eller hindra buskapen i å hoppa over? Eller er det berre pynt - ein gammal skikk som ingen lenger veit opphavet til? Diskusjonane har vore mange, svara er få.