Reykjavik, Island


Tidlegare heldt eg meg i prinsippet unna bibliotek og bokhandlar når eg hadde ferie, men det er berre i prinsippet og gjeld aldri når eg er på reis. Aller minst i dette herleg kaotiske bokantikvariatet i Reykjavik, i Hverfisgata om eg ikkje minnest feil (som går sidelengs med handlegata Laugavegur). Eit godt gammaldags antikvariat slik gode gammaldagse antikvariat skal vera. Kaoset har berre auka på for kvar gong eg har vore innom. Ei fantastisk kjensle å smyga seg mellom bugnande hyller og vaklevorne stablar med bøker - det meste på islandsk - og berre det å ta dette framande, underleg kjende språket innover seg! Og kva anna finn eg enn ei av mine favorittbøker, klassikaren "Pickwick-klubben" på islandsk - "Ævintýri Pickwicks"!

Island har ein lang tradisjon for litteratur, heilt tilbake til sagalitteraturen som vart skrive av lærde menn, munkar og prestar, i mellomalderen. Og moderne klassikarar som Halldór Kiljan Laxness (som m.a. skreiv den vidunderlege romanen "Islands klokke")
. Den raude Jaguaren hans står framleis parkert utanfor huset der han budde, eit stykke utanfor Reykjavik. Også i dag gjer islandske forfattarar seg sterkt gjeldande, både som poetar og krinforfattarar. Islendingane er visstnok framleis mellom dei fremste boklesarane i verda. 

Det finst fleire gode bokhandlar i Reykjavik, antikvariat også, men ingen slår dette. Herleg!

 

Laxey Wheel, Isle of Man


Laxey Wheel på Isle of Man er verdas største vassdrivne hjul som framleis er i drift. Det vart laga i 1854 for å skaffa vasskraft til gruvene på øya - og det er stort, eg har klatra opp i det! Men du ser meir på biletet, du ser eit frodig og vakkert landskap. Isle of Man er min desiderte favoritt på dei britiske øyane, frisk og grøn, med små landsbyar der du kan gå av toget på idylliske "Postmann Pat-stasjonar". Ein nydeleg stad.

Scalloway, Shetland


Scalloway er med sine 1200 innbyggjarar den nest største staden i øygruppa, etter hovudstaden Lerwick. Namnet kjem opphavleg frå norrønt, Skalavagr - dvs. ein våg med hus. Fram til 1708 var Scalloway hovudstaden på Shetland.

Opp gjennom hundreåra har Scalloway hatt besøk av mange nordmenn, ikkje minst sjøfolk, men har òg spela ei viktig rolle på andre område. Det mest iaugnefallande fortidsminnet i den vesle byen er ruinane etter slottet frå byrjinga av 1600-talet som jarlen Patrick Stewart let byggja. Den seinare norske stormannen Anders Mowat, som hadde ei sterk tilknyting til Shetland, fungerte som jurymedlem i ei sak som vart behandla på borgen i 1602. Patrick Stewart og borgen i Scalloway er også emne i Johannes Heggland sin ungdomsroman "Det pantsette landet" (1977).

Frå om lag 1500-talet bygde båtbyggjarar frå Bergen og Sunnhordland såkalla yoals, eller hjeltabåtar, i dette området, dvs. små båtar som vart frakta i flatpakka stand til Scalloway og sette saman her. Desse båtane vart ofte sette saman av båtbyggjarar frå Noreg. Mange av desse båtbyggjarane budde i årevis på Shetland, og nokre gifta seg her.

Under andre verdskrigen spela Scalloway ei viktig rolle som hovudkvarter for dei såkalla Shetlandsbussane. Norway House, der dei norske motstandsfolka budde, og slippen Prince Olav Pier som vart bygd av dei norske sjøfolka, er framleis synlege spor frå denne tida. I mai 2012 vart det opna eit nytt museum i Scalloway med ei utstilling av Shetlandsfarten under krigen, og til opninga fekk museet i gåve ein modell av Shetlands-Larsen si legendariske skøyte MK "Arthur".


Castlebay, Hebridane


Castlebay er ein av dei fjernaste og på sitt vis kanskje mest spesielle stadene eg har besøkt på ferdene i vesterveg - og når eg seier spesiell, så tenkjer eg eigentleg mest på steminga og inntrykka eg fekk her, i eit bortimot reint gælisk samfunn. Ein rutebuss som har sett betre tider humpar rundt på øya.  

Ein kan knapt kalla det ein by, knappast ein landsby, ein rad med små butikkar langs ei gate, det er det heile. Castlebay ligg på sørspissen av den vesle øya Barra på dei ytre Hebridane, ein stad der eit fly landar på sandstranda ved fjære sjø og der ein kjenner seg sett tilbake i tid, til 1960-talet. Over landsbyen troner ei katolsk kyrkje, bygd i 1888, dette er det mest katolske området vestpå. Underleg å stija inne i den store, tomme kyrkja og lytta til vinden. Nede i gata kjøper eg ei flaske whisky, slår av ein prat med butikkdama. For det er nett whisky denne vesle byen er kjend for, her vart filmen "Whisky galore" spelt inn i 1949, basert på ei sann historie om eit skip som grunnstøtte utanfor Castlebay under krigen, fullasta med 50 000 kassar whisky! Folk gjekk på fylla i vekevis.

Ute i sjøen, 100 meter frå land, ligg Kisimul Castle, heimstaden til MacNeil-klanen, som har leigd borgen vekk til Historic Scotland for eitt tusen år.  


Thingvellir, Island



"I en dyb Kulp lige ved Øxarå, blev ifølge Beretningen, Kvinder, der havde ført et utugtigt Levnet, særlig for de giftes vedkommende, puttet i en Sæk og sænket ned," skriv Ole Myklestad i si bok "Gjennem Island paa kryds og tvers" frå 1915. 

Drukning var ein relativt utbreidd form for dødsstraff på Island i eldre tid. Folk vart drukna i myrar, ferskvatn og i sjøen. På Thingvellir vart kvinner drukna i Drekkingarhylur, dei vart pakka inn i ein sekk og heldt under vatnet, sjølv om dei historiske kjeldene er usikre. Det var ikkje berre menneske ein tok livet av på dette viset, men også hundar, vert det fortald. Drekkingarhylur er ein dam som held på løyndomane sine.

Sandøy, Færøyane




På Færøyane lever framleis den gamle, vesle landhandelen. Ein seier gjerne at der det finst ein lun vik, finn du ein klynge med hus, ei kyrkje og ein liten butikk. Utvalet er ikkje all verda, tempoet er roleg, dagane går med måkeskrik og ein og annan båtdur i det fjerne. Her er ein langt frå det meste, i eit øyrike der slektsband og tradisjon framleis eksisterer som ein handgripeleg realitet.