Vidareidi, Færøyane


Med turen til Færøyane i august 2012 har eg i løpet av sju år vore heile runden i vesterveg, frå Shetland til Orknøyane, Hebridane, Isle of Man, Island og til sist altså desse atten øyane langt ute i storhavet. Nokre stader har eg besøkt fleire gongar, sist på Shetland i juni og Island i august, 2013.

Denne bloggen blir som ei slags lita "reiseskildring" først og fremst som ein syssel for meg sjølv, for å ha gleda av å gjenoppleva små og store augneblink frå desse turane, men kanskje det kan gleda andre også. Mange drøymer om ei reise i vesterveg - altfor få gjer alvor av det. 

Alle desse områda var i si tid ein del av det norrøne kulturområdet - ja, dei fleste av dei var norske. Færøyane høyrde til Norge heilt fram til 1814. Og det er på sett og vis slik ein opplever ei reise dit i dag - som ei reise tilbake i tid, til ein stad der folk framleis snakkar norrønt. Det er også bokstaveleg tala ei tid tilbake i modernitet - på Færøyane fann me eit samfunn slik eg hugsar det her i Norge for fleire tiår sidan. Utanom Torshamn er det mest ingen turistar å sjå - og det er heller ikkje lagt noko særleg opp til det. Sjølve sommarsesongen er kort - og kald.

Færøyane liknar korkje på Shetland eller Island, men har sitt eige særeigne landskap og sin eigen identitet.