Douglas, Isle of Man


For heile 5000 år sidan tok folket på austsida av Isle of Man til med eit omfattande byggearbeid. Eit stort gravkammer vart reist oppe i bakken ovanfor stranda der hovudstaden Douglas ligg i dag. Anlegget bestod av minst tre romslege kammer. Her vart ei rekkje menneske gravlagd i ei fjern fortid. Ein trur også at det vart halde seremoniar på staden. 

Ingen veit nøtyaktig kvifor staden i dag går under namnet kong Orrys grav. Kong Orry, eller kong Godred of Crovan, var konge over Mann på slutten av 1000-talet. Han er neppe gravlagd her, på den andre sida er kong Orry like mykje ein legende som ein historisk person, så det er ikkje godt å seia. Steinblokkane på staden røper ingenting. 

Torshamn, Færøyane


Gamle handverkstradisjonar er framleis levande på øyane i vest, ikkje minst strikking. På den vesle øya Fair Isle sør for Mainland på Shetland er strikking utvikla til ein kunst, med sine karakteristiske finslege mønstre. I den andre enden av skalaen finn ein Island, som byr på knalldyre strikkeplagg, maskinstrikka og kanskje laga i Asia, omlag som i Norge.

På Færøyane er det annleis. I vesle Torshamn er det ei rekkje små husflidsbutikkar, ingen av dei ser ut som dei er mynta på turistar i det heile. På butikken Snældan får du kjøpt rimelege kvalitetsplagg, lokalt tilvirka og så ferske at det framleis luktar sau av dei. Frå Snældan gjorde me ikkje vegen lang til sjølve ullvarefabrikken og utsalet der. Herleg å koma inn på ein god gammaldags ullvarefabrikk, omlag som Jamieson's på Shetland. 

Viðareiði, Færøyane


Viðareiði - ei forblåst lita bygd med ein beskjeden daglegvarebutikk og ei kyrkje. Bølgjer som skummar i kvite kast mot svaberga nedanom klippen, det er stupbratt under platået ved kyrkjegarden. Her vert eg gåande og sjå på gravsteinane, som fortel om levde liv på denne fjerne utposten, om skipsforlis og dei som vart verande att. Staden dannar bakteppet i romanen "Barbara" av Jørgen-Frantz Jacobsen (1939). Det vart laga film av boka i 1979, foreviga på eit færøysk frimerke.

Barbara er ei forrykande dame, ein sagnfigur frå 1700-talet som skal ha vore særs ond mot alle sine tre ektemenn, som alle var prestar. Ein fjerde prest greidde å heva trulovinga før dei vart gift. I romanen er Barbara enke for andre gongen, og onde tunger seier at ho sjølv var skuld i sine to ektemenns død. Ho er 28 år, omgjeven av ein aura av erotikk og sødme, ein femme fatale. Barbara er på mange vis eit naturbarn, fanga av sine eigne drifter og kjensler, som i all si uskuld ikkje kan hjelpa for den attråen ho vekkjer hos menn. Den færøyske naturen, i all sin utemma villskap, er dei perfekte omgjevnadene for historia.

Eg ruslar kring på kyrkjegarden, set meg ned og tenkjer på denne sagnkvinna som skal ha levd her. Men det er lenge sidan, her er det berre vinden og stilla og gløymsla som rår mellom dei eldgamle gravsteinane.






Scalloway, Shetland


Shetlandsfarten var eit viktig og avgjerande transportledd over Nordsjøen under andre verdskrigen. Det var eigentleg ein mykje større operasjon enn namnet skulle tyda på. Britane bygde det opp som ei regulær norsk marineavdeling. Båtane frakta våpen og ammunisjon, agentar, jødar og andre flyktningar over til Shetland, Skottland og England – eller frå Storbritannia til Norge. Dei fleste som tok del i denne fårefulle trafikken var unge menn, dei fleste i alderen 17 - 30 år.  

Foreldra til Catharine Rietti måtte flykta frå Norge til Shetland i 1942, då ho berre var tre veker gammal. Etter ei tid på Shetland vart dei transportert vidare til England. Far hennar var Helmer Hartmann Dahl (1908-1999), kjend som "radiolinjens far". Han arbeidde med utvikling av navigasjonsmetodar for kysten, og hadde fleire forskaropphald ved universitetet i Cambridge.  Han vart dermed ein person som tyskarane gjerne ville ha tak i. 

I England arbeidde han vidare som radarforsker ved Admirality Signal Establishment og fekk innpass som radarforsker ved Admirality Signal Establishment,  med ein plass i det London-baserte Forsvarets Overkommandos Tekniske Utvalg (FOTU, 1942-45). Der greidde dei ut etableringa av Forsvarets Forskningsinstitutt (1946) der Dahl hadde ansvaret for radar-avdelinga (1946–49). I England fekk han inspirasjon til utviklinga av radiolinesamband med mikrobølge, som vart til Nera, og viktig i utviklinga av Televerket og dets forskningsinstitutt.

For tre veker gamle Catharine eksisterte sjølvsagt ingenting av dette. Men i alle år har ho bore på ein draum om ein gong å reisa tilbake til den staden der foreldra hennar gjekk i land etter flukten over Nordsjøen. Først i mai 2012 gjorde ho alvor av det, og var med under 17. mai-feiringa i Scalloway der det vart lagt ned blomar ved minnestøtta fior Shetlandsbussane. Ei stor stund for henne. 

Posta, Færøyane


Eg elskar frimerka på Færøyane. Dei har inga lang historie, det første frimerket vart utstedt i 1975. Sidan den tid har dei ein god tradisjon for å nytta velkjende motiv frå sagn og saga, eller portrett av færøyske personar som ein gjerne vil heidra. Kvart år tek Posta, det færøyske postverket, del i internasjonale frimerketevlingar, og er såleis med på å auka interessa for utforming av frimerke. Og ein ting er sikkert -  færøyske frimerke er nydelege! 

Snaefell, Isle of Man


Tradisjonar på toppen av Snaefell (norrønt for "Snøfjell"), Isle of Man - ein sekkepipespelar og den meir enn eitt hundre år gamle elektriske jarnbanen som fleire gongar kvar dag finn vegen opp til toppen av fjellet, 621 meter over bakken. Men sekkepiper er ikkje eit like vanleg syn, det viste seg at det var bryllaupsfeiring. 

Rushen Abbey, Isle of Man


Klosteret Rushen Abbey på Isle of Man vart bygd av den norske kong Olav I, eller Óláfr Guðrøðarson som han eigentleg heitte - han var konge over Man i ganske mange år, frå 1112 til 1153. Allereie i vikingtida tok mange av dei norrøne busetterane den kristne trua og blanda seg med den eksisterande keltiske befolkninga på relativt fredeleg vis. Far til Olav hadde eit utprega keltisk namn, han heitte Gofraid Crobán, og som faren høyrde Olav til det såkalla Gofraid Crobán-dynastiet.

Rushen Abbey vart grunnlagd i 1134, og vart lagt inn under cisterienser-ordenen. Kyrkja, som vart vigd til jomfru Maria, stod ferdig over hundre år seinare, i 1257. På 1500-talet vart klosteret nedlagd og forfalt raskt. Først på 2000-talet vart det sett i gong arkeologiske undersøkingar og restaurering av klosteranlegget. 

I si tid var Rushen Abbey eit viktig sentrum for kunnskap og lærdom på Isle of Man. Det var her øya Mans krønike vart skriven, "Krøniken om kongane av Mann og Øyane" - mellom dei fleire norske kongar. Krøniken vert avslutta i 1316, etter fire hundre år med norsk styre over øyriket i vest. Krøniken er også ei historie om den geistlege makta, og vert ført fram til 1376, då den siste biskopen på Man vart vigsla. 

Arbeidet med restaureringa av klosteret har i dag kome ganske langt, slik at ein kan få eit godt inntrykk av korleis livet for munkane må ha arta seg den gongen for mange hundre år sidan.


Torshamn, Færøyane


Eit streif av sol over Torshamn, småbåthamna og den aller eldste busetnaden i bakgrunnen, eit cruiseskip til kai for ein dag eller mindre, og eit par karar med ei kasse øl. Det er mykje fyll på Færøyane, utan at me skal mistenkja desse to unge mennene for noko, Og ein sånn ca. sju-åtte varmegradar. I august.

Scalloway, Shetland


I 2012 drog eg til Shetland som skrivande haleheng m.a. for å laga artiklar om den høgst spesielle 17. mai-feiringa dette året, med krigsveteranar og deira etterkomarar pluss statsministerbesøk. Ei viktig hending var opninga av det nye museet i Scalloway med offisiell overrekking av ein modell av Shetlands-Larsen si legendariske skøyte MS "Arthur", laga av Anker Gravdal frå Stord. Dette har eg skrive om i eit tidlegare innlegg på bloggen (sjå for desember 2013).

Med høgtidlegheiter, Jensemann og ein masse ståhei var det atskilleg rolegare då eg besøkte museet eitt år seinare, i juni 2013. Og no var modellen av MS "Arthur" kome på plass i monteren. Slik ser ho altså ut.

The Croft House Museum, Shetland


Ein "croft" er den tradisjonelle formen for småbruk, den mest utbreidde formen for gardsbruk på Shetland. Det ville seia at ein hadde nokre mål som ein dyrka sjølv, medan sauene gjekk på fellesbeite. Ein "crofter" var altså ein jordbrukar, ein småbrukar - som regel ein leiglending. Det er ikkje mange tiåra sidan at dei siste av desse små gardsbygningane forsvann, stundom med bustad i den eine enden og fjøs i den andre. Du ser ruinane av dei overalt på øyane i vesterveg. Folk på desse kantar er ikkje så nøye på å fjerna forfalne hus. Eller kanskje dei likar å ha dei der, som eit band til farne tider, kva veit eg. 

Eit av desse tradisjonelle småbruka er i dag teke vare på som museum.  I dette huset budde det folk like fram til 1960-åra. Det ser kanskje idyllisk ut med dei låge steinhusa dekka med stråtak, men var det neppe. Trangbudd, trekkfullt, mørkt, med den umiskjennelege  eimen av stikkande torvrøyk. Det vert sagt at dei gamle shetlendarane var små av vekst, så kanskje det er grunnen til at eg må dukka kraftig med nakken når eg går inn i huset. Men på sitt vis er det ganske triveleg innandørs, med dei få eigedelane dei hadde. Og når eg går ut att i regnveret, kan eg ikkje anna enn å beundra halmtaket og ønskja meg ei slik stove.