Reykjavik, Island


Interessert i litteratur og historie som eg er måtte eg sjølvsagt få med meg den store saga-utstillinga på det gamle nasjonalbiblioteket i sentrum av Reykjavik i forfjor, som no er gjort om til kulturhus. Her kunne me m.a. få sjå nokre av dei mest kjende sagaene i originale handskrifter - og som sagt, det måtte eg berre ha med meg.

I det same såg eg at det låg ei oppslått gjestebok på eit bord. Det var fint dandert rundt boka, med friske blomar og levande lys - ja, dei tenkte nok at det skulle vera høgtid kring eit besøk for å sjå dei mange hundre år gamle vakre manuskripta. Eg tok pennen - det var til og med ein ekte fyllepenn - bøygde meg fram og tok til å skriva namnet mitt. Ingen hadde skrive i ho før - det såg ut som eg fekk æra av å vera førstemann. Jo, forresten - på det forrige arket hadde nokon skribla over heile sida… det såg mest ut som Angela Merkel…?

Eg hadde skrive “Knut Rag...” då vakten kom stormande. - Kva er det du gjer?
 - Eg skriv namnet mitt... Det er jo ei gjestebok.
 Vakten såg ganske bestyrta ut. - Den er ikkje for vanlege folk. Det er ei slik bok me har til... presidentar og slikt.
 - Ja, men det kunne ikkje eg vita. Boka låg jo oppslått.
 - Vel, eg får prøva å ordna det på eit vis, sa vakten. - Berre gå og sjå på utstillinga. Det siste sa han i ein tone som tydeleg gav uttrykk for at han ville bli kvitt oss.


 Og me gjekk og såg utstillinga. Då me kom tilbake til vestibylen ein halvtime seinare hadde mykje endra seg. Det krydde av høge. kortklipte og glattbarberte menn i svarte dressar med bul under dressjakka og små headsett. Atmosfæren var litt spent og hektisk.
 - Ser ut som sikkerheitsvakter, sa eg.
 Me fekk tak på sakene våre og tusla ut. 

 Og det var då me kom ned trappa at me byrja ana kva som var på ferde. Utanfor bygningen stod ein skinande svart limousin med kjenneteiknet “Island 1” - presidentens bil. Men flagget på bilen var ikkje islandsk - det tilhøyrde Litauen. Nysjerrige turistar samla seg på respektfull avstand. Det var statsbesøk, med presidenten i Litauen som gjest. Og no skulle dei samlast til møte eller mottaking i det gamle nasjonalbiblioteket. 

 Det var altså difor gjesteboka var lagt fram... Og eg som hadde skribla namnet mitt i den! “Knut Rag...” saman med den litauiske presidentens signatur! Kva hadde vakten gjort med boka - hadde han bytta den ut med ei anna, eller rive ut sida eller brukt korrekturlakk? Der og då var det ganske pinleg å tenkja på.
 Eg hadde uansett ikkje tenkt å bli verande for å finna det ut. Eg tok eit bilete av presidentens bil - og så stakk me.

Ring of Brodgar, Orknøyane


Den eldgamle mystiske steinringen sør på Mainland på Orknøyane (der ein m.a. finn ein stein med norrøne blindruner) er eit must for alle med interesse for eldre historie. Anlegget ligg på eit eid mellom innsjøane Stennes og Harray, og har stor likskap med Stonehenge i England. Underleg nok skal den indre steinsirkelen aldri ha vore undersøkt nærare av arkeologar. Monumentet er gammalt, ein tenkjer seg at steinane vart reiste omlag 2500 år f. Kr., altså samstundes med Stonehenge og liknande anlegg på dei britiske øyar og elles i Europa - som steinsirkelen på Callanish, Hebridane, som er omtala ein annan stad på denne bloggen. Sirkelen er 104 meter i diameter, noko som gjer den til ein av dei største i Storbritannia. Opphavleg skal det ha vore 60 steinar her, no er det berre 27 att.   

Ring of Brodgar (eller Brogar, som det også vert skrive) må definitivt sjåast i samanheng med Stones of Stenness og gravstaden Maeshowe, som er skildra i eit tidlegare innlegg. Her finn me eit såkalla solkvervfenomen, dvs. at sola skin direkte inn gjennom den 10 meter lange gangen ved vintersolkverv 22. desember. Det er ingen tvil om at Ring of Brodgar må ha hatt ein liknande funksjon.

Dei seinare åra er det dukka opp ein eigen disiplin innan arkeologien kalla astroarkeologi, der ein ser nærare på desse anlegga i samband med astronomiske fenomen - der desse steinringane utgjer eit kalendarsystem som er basert på stjernehimmelen og månen og sola sine posisjonar. 

Den dagen eg besøkte Ring of Brodgar var det bitande kaldt, trass i at me befann oss i midten av august. Eg såg over mot den andre sida av innsjøen, mot området der desse enorme steinane skal ha kome frå. Og dei evige spørsmåla meldte seg: Kven var dette folket, kvifor gjorde dei så store anstrengelser for å frakta desse blokkene hit og reisa eit slikt gigantisk anlegg - i tillegg til anlegget på Stenness og dei fire store gravhaugane i nærleiken? Det einaste svaret eg har, er at for 2500 år sidan må dette ha vore ein sterk kultur som prega store delar av vår tids Nord-Europa og Noreg med. Underleg å setja seg inntil ein stein og lytta til vinden...



Dagboknotat, Shetland


Dagboknotat, 14. juni 2013 # Sit og ryddar opp i haugen av bilete på minnekortet. Denne karen her var utruleg nysgjerrig på meg dei to dagane eg heldt meg i nærleiken av selflokken eg fann utanfor Lerwick. Han følgde meg med augene heile tida, på god avstand. Kom eg for nær dukka han under vatnet, men det tok ikkje lange stunda før han kom opp att for å sjå kva eg gjorde. Her har han drista seg heilt inn i sjøkanten...


Douglas, Isle of Man


Somme tider snublar ein rett på noko. I ei gammal steinkyrkje i Douglas, den vesle hovudstaden på Isle of Man, stirer eg opp på ei minnetavle: " Peter Heywood, Esq." ligg gravlagd under kyrkjegolvet. Og kven var så Peter Heywood? Namnet blir kanskje meir kjend om me set det i samband med to andre herremenn som han ofte møtte på Isle of Man: kaptein William Bligh og hans "Master's Mate", Fletcher Christian. Det var faktisk i denne kyrkja, vil soga ha det til, at dei første frøa vart sådd til det som skulle bli skjebnen til dei alle tre: mytteriet på Bounty.

I april 1789, 1300 sjømil vest for Tahiti, leia Christian mannskapet i mytteri mot sin gamle sjef kaptein Bligh, som han hadde segla tre lange sjøferder med sidan han forlot Douglas som 17-åring. Bligh vart drepen og Christian busette seg på Tahiti, vel vitande om at han ville bli hengd om dei britiske styresmaktene fekk tak på han. Ikkje mange årene seinare døydde han av sjukdom. 

Tredjemann, Peter Heywood, var også med på mytteriet. Han vart seinare teken til fange på Tahiti, dømd til døden, men benåda - og gjenopptok sin karriere som sjøoffiser. Og no finn eg han altså her i denne gamle, mørke kyrkja, gravlagd under føtene mine, for å seia det slik...  

Mytteriet på Bounty har ein eim av eventyr kring seg. Realiteten var nok annleis. Men få hendingar har vore gjenstand for så mykje romantisering, gjennom filmar, bøker og mytedanning. 


Clickimin Broch, Shetland


Ordet "broch" kjem av det skotske ordet "burgh" og tyder nett det - ein borg. Det er tårnliknande forsvarsverk som er datert frå ca. 100 f. Kr. til 300 e.Kr. I si tid skal det ha vore meir enn fem hundre slike borgar nord og vest i Skottland, og på Hebridane. Dei er ganske unike for Skottland, det finst ikkje liknande anlegg nokon annan stad. Dei er bygd på nøyaktig same måte, slik at ein kan snakka om ein standardisering. Det har sett somme historikarar på tanken om at det fanst eigne lag av broch-byggjarar der kunnskapar gjekk i arv og som reiste frå stad til stad i meir enn tre hundre år. På øya Lewis fekk me sjå eit døme på ein slik broch ved Dun Carloway. I dag er dei fleste av desse anlegga knapt å sjå meir, men det finst framleis nokre godt bevarte anlegg som det nemnde, samt på Shetland.

Det har opp gjennom åra vore mange teoriar knytta til desse meir enn 2000 år gamle anlegga. Den gjeldande tankegangen er at broch vart bygd av dei lokale busettarane, kanskje med hjelp av omreisande handverkarar som bidro til å gi byggverka den tilsvarande formgjevinga som andre stader.

Men kvifor vart alle desse enorme anlegga bygde? Var det forsvarsanlegg, der lokalbefolkninga og buskapen deira kunne ha som vern? Eller var det festningar der lokale landeigarar kunne herska over den undertrykte befolkninga? Eller kan det tenkjast at dei rett og slett var si tids staselege byggverk, objekt for prestisje og svært synlege demonstrasjonar på makt for betydningsfulle familiar?

I dag studerer arkeologane gjerne kvart broch-anlegg for seg, og tvilar på at det var ein felles grunn for bygginga av alle anlegga. Den tette grupperinga og antalet i mange områder vert sett på som eit argument mot at dei var for forsvar eller prestisje. Det er t.d. store skilnader på plassering. Konstruksjoner av broch er nokre gongarm, som ved Old Scatness på Shetland, funne i nærleiken av dyrkbare landområder og ferskvatn, andre gongar er dei funne i audemark, som ved Levenwick og Culswick på Shetland, og Castle Cole i Sutherland. Broch er ofte bygd i nærleiken av sjøen, noen ganger er de bygd på øyar i innsjøar, som Clickimin på Shetland.


Jarlshof, Shetland


Dagboknotat 11. juni 2013: I dag tok eg ein dagstur sør på Mainland, til Jarlshof. Som vanleg med rutebussen. Ettersom den går i kriker og kroker tek det si tid, og eg får rikeleg med anledning til å sjå meg rundt og få med meg bitar av folkelivet. 

Jarlshof er ein av dei mest interessante arkeologiske stadene i Storbritannia, og i Europa for den del. Her finn ein tydelege spor etter busetning gjennom 3500 år, frå bronsealderen til jarnalder, pikter-kulturen og vikingtid og fram til den borgen som det no berre finst nokre sørgelege ruinar att av, som vart bygd på 1600-talet. Hit kom den skotske diktaren Walter Scott på byrjinga av 1800-talet, og det var han - romantikar som han var - som gav borgen namnet Jarlshof. Og inspirasjon til romanen "The Pirate" (1822).  

Over eit relativt stort område finst det grunnmurar og delvis bevarte byggverk etter alle desse menneska som har levd her gjennom tre og eit halvt tusen år - fantastisk!




Harris, Hebridane


Trygve Kvist Irrborg  frå Bergen, nærare bestemt Fyllingsdalen, hadde eit ganske spesielt ærend på øya Harris då han besøkte staden i 2008. 

- Eg har følgd slektshistoria på farssida så langt tilbake som det går, fortalde han. -  Nesten sikkert er det at me slektar frå ein familie eller klan som heiter MacLeod, på øya Skye i Skottland.  Eg har tidlegare vore på Dunvegan Castle på Skye og fått vita meir om slekta. 

- Nokre av gravene til klanen skulle liggja ved St. Clements Church på øya Harris i dei ytre Hebridane. Kyrkja er ikkje lengre i bruk,  men er open for besøkande. Ho vart bygd på 1500-talet, på ein stad der det tidlegare har stått ein bygning, kanskje ei kyrkje. I tårnveggen er det satt inn ein stein frå ei tidlegare tid. Me finn også oksehodet frå våpenskjoldet til MacLeod i kyrkja. Inne i kyrkja fann eg nokre  gravminne og utanfor var det  fleire... 

Det er godt jordbruksland i området kring kyrkja - kanskje det beste på Harris. Difor hadde MacLeod-klanen sin base der i lang tid, og kyrkja brukte dei som si kyrkje sjølv etter at dei flytta til øya Skye der dei  opprettea ein ny base på Dunvegan Castle.

Foto: På sporet av sine skotske anar. Trygve Kvist Irrborg ved grava til ein ekte MacLeod, i  St. Clements Church på øya Harris i dei ytre Hebridane, der eg fekk høyra han fortelja denne fantastisk spennande historia.  


Peel, Isle of Man


Øya Man har ein strategisk viktig posisjon i Irskesjøen. Frå dei eldste tider har øya hatt nær kontakt med både Irland og Storbritannia. Særleg syner det gæliske språket som tidlegare vart nytta på øya at det må ha vore innvandring frå Irland på eit tidleg tidspunkt. I vikingtida slo også norske vikingar seg ned her. Den første formelle tilknytinga til Noreg fekk øya først seinare, då ho vart erobra av kong Magnus Berrføtt i 1098. Etter at han døydde i 1103 vart øya styrt av eigne kongar, som var underlagt kongen i Noreg. Kongedømmet omfatta også somme av øyane i Hebridane. 

Foto: Det finst ingen kjende portrett av Magnus Olavsson, men dette ukjende steinhovudet som arkeologane fann ved Peel Castle, ei festning grunnlagd av Magnus, kan representera ein mann frå perioden. (Wikipedia)  

Torshamn, Færøyane


I 2008 fekk ei pølsebu (eller me kan like godt seia pølsebua, i eintal) i Torshamn besøk av sjølvaste eks-president Bill Clinton. Her er menyen. (Personleg har eg pålagt meg sjølv eit langvarig pølsebu-forbod og fekk ikkje testa varene). Kva han valde veit eg ikkje - men kanskje ein Brennande Kærleiki med Heitt Popcorn?

Burra Island, Shetland


Sjølv om øyriket i vest vart innlemma i det skotske riket heldt vestlendingane fram med å reisa til Shetland i ymse ærend. Og hjaltlendingane heldt fram med å koma hit. Professor Jørn Øyrehagen Sunde peikar i eit skrift på at hjaltlendingane vart rekna som nordmenn, difor vart dei ikkje ført til protokolls i dei norske tollrekneskapa. Det gjer at det i dag er vanskeleg å skaffa seg ei presis oversikt over omfanget av handelen mellom Sunnhordland og Shetland. Men at den var omfattande er det ingen tvil om. 

Frå 1630-åra heiter det at innbyggjarane på øya Unst nord på Shetland hadde ein eigen bark som dei segla til Noreg (Sunnhordland) med, der dei kjøpte m.a. ferdigtømra hus, tjøre og båtar av alle slag. Båtane vart frakta over Nordsjøen i ”halvfabrikata” og sett saman på Shetland. Ikkje minst gjekk desse turane til Tysnes. For nokre år sidan drog Einar Heldal og Helge Storetvedt frå Onarheim på Tysnes i Sunnhordland til Lerwick, med professor Mikal Heldal (son av Einar) som reiseleiar, sjåfør og læregut, med ein slik flatpakka båt og sette den saman på gamlemåten, til stor interesse frå lokalsamfunnet si side.  

På biletet studerer Mikal Heldal (t.v.) ein typisk shetlandsbåt saman med den kjende båtbyggaren Tommy Isbister, heime i verkstaden til sistnemnde, i ein landsby ved Burra Island. Tommy Isbister er særs oppteken av å ta vare på dei gamle båtbyggjartradisjonane. Båttypen som me finn på garden hans vert kalla "yall" og er ikkje ulik ein norsk færing.

Les MEIR om tradisjonell båtbygging på Shetland...

Reykjavik, Island



I 1902 vart Ole Myklestad frå Tysnes henta til Island for å leia bøndene i kamp mot saueskabben som truga med å utrydda sauebestanden på sagaøya - og såleis også truga landets nasjonaløkonomi. Ole Myklestad var då ein mann på over 60 år og vart verande på Island i mange år. I 1909 vart han utnemnd til ridder av Dannebrogsordenen for innsatsen.

Vel heimkomen skreiv Ole Myklestad ei bok om sine mange strabasiøse ferder kring på Island. Men så gjekk det ikkje betre til enn at boklageret i Bergen brann ned før boka var kome i bokhandelen - berre nokre få eksemplar vart redda ut or flammane. For nokre år sidan fekk eg ein fotostatkopi av boka, som etter mi meining burde gjevast ut på nytt, utan at det hittil har lukkast meg å få nokon interessert. Ole Myklestad gav også ut fleire andre bøker under opphaldet på Island, om behandling av saueskabb og sjukdommar på fjærkre. På universitetsbibioteket i Reykjavik fekk eg fotografera eit av dei sjeldne eksemplara av boka hans "Gjennem Island paa kryds og tvers”. Eg har skrive fleire artiklar om Ole Myklestad og veit etter kvart mykje om han.


Yell, Shetland


På veg over øya Yell (!) på Shetland i forfjor sommar køyrde me forbi det heimsøkte huset Lund House, der det ikkje har budd folk sidan 1947. Det vert sagt at Djevelen sjølv har sett merket sitt i flaggstonga! Soga er den gode gamle: på 1800-talet vart ei tenestejente gravid med sonen i huset, det kunne sjølvsagt aldri bli noko av og ho styrta seg utfor taket og tok livet av seg. Sidan den tid har det spøkt i huset. No står det altså tomt...

Det var den gamle soga
om elsk og kjærleiks frukt
Du veit, den gamle soga
om svik og kjærleiks tukt

Ei tenestejente var ho
og ho tente i huset på Lund
Og han var son til herren
son til herren i huset på Lund

Det var den gamle soga
om elsk og svik og kjærleiks tukt
Du veit, den gamle soga
om herremanns son og forboden frukt

Så styrta ho seg frå tårnet
i det heimsøkte huset på Lund
- tenestejenta som svor på at ho ein dag
skulle for alltid bli frua på Lund...

Douglas, Isle of Man


Eg er glad i å gå på kyrkjegardar. Som dei einsamme kyrkjegardane ytst ute i havgapet på Færøyane, eller som dei gamle og mest løyndomsfulle stadene ein kan finna i England - eller som her, i Douglas på Isle of Man. Stader med mang ei historie å fortelja. Og det blir neppe det siste biletet frå gravstader der vest på denne bloggen. 

Lewis, Hebridane


På øya Lewis kan du besøka eit typisk black house, eller ”svarthus”, den gamle hustypen som var i bruk på Hebridane i hundrevis av år, like mot slutten av 1960-åra. Det er snakk om lange, låge hus med husdyr i den eine enden og bustad i den andre, slik det også var vanleg her til lands. Desse husa vart vanlegvis bygd med ein dobbel steinmur som er isolert med jord og tømmerstokkar, og med anten torvtak eller evt. stråtak i meir sjeldne tilfelle. Dei nytta jordgolv, med eit bål midt på golvet, utan korkje skorstein eller ljore. Røyken fann ganske enkelt vegen ut gjennom taket. Det var både mørkt og røykfylt i desse stovene, noko me fekk eit døme på då me vitja dette "svarthuset". Det var fyrt med torv, og lukta av torvrøyk vart hengjande i kleda i eit par dagar etterpå. I denne stova budde det altså folk fram til for mindre enn 50 år sidan!


Unst, Shetland


Den datoen dette innlegget blir lagt ut, 1. november 2013, er det nasjonal strikkekveld i Norge. Så kva passar vel betre enn eit lite innblikk i den shetlandske strikkekulturen?

I 2009 var eg med kona på "strikketur" til Shetland - det handla med andre ord om sauer, ull og garn heile vegen. Det resulterte i ein større artikkel om ullindustrien på Shetland - frå besøk hos sauebønder (på Shetland er det ca ein halv mill sauer), til ullmottaket i Lerwick og produksjonen på Jamiesons ullvarefabrikk, som produserer maskinstrikka ullplagg. Her er ein stolt sauebonde på Unst, den nordlegaste øya, som tek ein pause i klyppinga, med ein av dei typiske blackface-sauene som ein ser alle stader kringom på øyane. 

PS. Sauene på Shetland er ofte glade i å beita nede ved fjæra, noko som set ein spesiell "tang-smak" på kjøtet.