Lewis, Hebridane


Sjakk går som kjent langt tilbake i tida, også innan den norrøne kulturkrinsen. Nokre av dei vakraste sjakkbrikkene, synest iallfall eg, er brikkene som vart funne på øya Lewis på Hebridane på 1800-talet - dei såkalla Lewisbrikkene. Nokre forskarar meiner at brikkene er laga i Noreg, kanskje av ein handverkar i Trondheim, ein gong på 1100-talet. Dei fleste brikkene er skorne ut av kvalrosselfenbein, nokre få er av kvaltenner. Eg fann eit replikasesett på Lewis, men nett då verka 200 pund som mange pengar for meg (og det er det jo også), så eg slo meg til tols med to einskilde brikker. Lewisbrikkene går elles att som trivia: I den første Harry Potter-filmen - "Harry Potter and the Philosopher's Stone" vert det spelt sjakk med eit brikkesett forma som Lewisbrikkene. Songen «The Game Pieces», utgjeven av Fairport Convention på albumet "The Wood and the Wire" frå 1999 er basert på Lewisbrikkene. (Foto: Wikipedia)

Skálholt, Island


Originalen til dette underlege kartet, det såkalla Skálholt-kartet, vart teikna på Island ca. 1590, men gjekk seinare tapt - det kartet som er bevart i dag er frå 1670 og er teikna av biskop Torlaksson. Dei fleste forskarar har vore av den meining at kartet er teikna på grunnlag av innhaldet i Vinlandssagaene, og såleis er utan geografisk verdi. Men på den andre sida finst det ikkje så mange kart frå denne tidsepoken som teiknar eit så truverdig bilete av områda i Nord-Amerika. Dessutan, som Helge Ingstad peikar på, er Vesterbygda og Austerbygda på Grønland rett plassert, og det er interessant i og med at nøyaktig kvar Austerbygda låg gjekk i gløymeboka  – men her er det altså teikna rett inn. Ingstad meiner at desse forholda tyder på at kartet har rot i gammal tradisjon.

På den lange odden i vest står det skrive: Promontorium Winlandiæ. Etter Ingstad si oppfatning peikar dette mot Newfoundland, som har den same langstrakte og smale formen. Eller blir det å trekkja det for langt?  Til dømes har kartet ein djup fjord lengst i vest, den finst ikkje på Newfoundland. Først eit par hundreår seinare  vart stretet mellom Newfoundland og Labrador oppdaga – Strait of Belle Isle. På den andre sida er det sjølvsagt godt mogleg at dei norrøne sjøfararane kjende til stretet. 

I byrjinga av 1950-åra teikna dansken Carl Sølver om kartet i rett forhold mellom lengde- og breddegrader etter Mercators system og konstaterte flg.: den gamle ruta til dei grønlandske bygdene frå Hernar i Noreg til litt nord for Grønlands sørspiss vert etter eit moderne sjøkart 1373 nautiske mil – og etter Skálholt-kartet nøyaktig det same! Frå sørspissen av Grønland til nordspissen av Newfoundland er det 640 nautiske mil – Skálholt-kartet viser 622 nautiske mil.

Dette er forbløffande. Dersom det er slik at ein eller annan på slutten av 1500-talet har mora seg med å teikna eit Vinlandskart etter å ha lese Vinlandssagaene, korleis kunne han då treffa den omtrentlege lengda til Newfoundland uten at det bygde på faktiske opplysningar frå sjøfolk som sjølv har segla dit? 

Spørsmål, spørsmål...


(Kartet finst i dag oppbevart på Det kongelige bibliotek i København.)

Summer Isle, Hebridane


Summer Isle - Sommarøya - ein dag i august er alt anna enn sommarleg. I tillegg vart det ein heller utriveleg båttur ut dit, vinden stod sterk og fekk båten til å rugga faretrugande frå side til side, og den eine bølgja etter den andre slo inn over båtdekket. Men skipperen stod like støtt i styrhuset på den vesle skøyta og lot seg ikkje affisera det minste.

Ein aude stad, i utkanten av det meste. Nokre tomme hus, ein sti som fører opp til toppen av den vesle øya. Vind, bitande kald vind. I brå kast. På turen tilbake til Stornoway, den eineste byen å snakka om på desse kantar, er sjøen så grov at skipperen vel å gå innaskjærs. Me kjem inn i ein labyrint av fjordar som minner meg om Ryfylke. Mest som heime. Men Summer Isle vert sitjande i minnet som noko anna. Noko ganske anna.  

Kirkwall, Orknøyane


Eg plar gjerne tenkja meg det slik at den største norske kyrkja frå mellomalderen, forutan Nidarosdomen, er  St. Magnus-katedralen i Kirkwall på Orknøyane. Det fortel sitt om kor flytande og omfattande den norrøne kulturkrinsen var. Noregshistoria er ikkje avgrensa til Noreg, for å seia det slik. 

St. Magnus-katedralen er bygd av raud sandstein og dominerer biletet i den vesle, idylliske byen Kirkwall. Men omstenda kring bygginga av kyrkja vart alt anna enn idyllisk, det gjev Orknøyinga saga ei livfull og dramatisk skildring av. 

Det var Ragnvald Orknøyjarl som starta bygginga av St. Magnuskatedralen, til ære for onkelen Magnus Orknøyjarl som hadde lidd martyrdøden i 1115. Ragnvald drog saman med biskop Vilhelm den gamle, Erling Skakke og andre på korstog i åra 1151–1155. Då han kom tilbake til Orknøyane hadde det oppstått ein maktstrid medan han var vekke, og han vart myrda av nokre slektningar under leiing av Torbjørn Klerk i Caithness i Skottland.

Det vart meldt om miraklar ved grava hans i St. Magnusdomen. I Orknøyinga saga vert det fortald om jærteikn og at "biskop Bjarne med pavens tillatelse lod hans hellige levninger optage" (i mi gamle omsetjing). Under arbeidet nmed restaureringa av kyrkja i 1919 vart det funne to skjelett som var murt inn i pillarane ved koret. Det er godt mogleg at det dreier seg om relikviar etter  Magnus og Ragnvald. I alle høve ein svimlande tanke der eg sit kloss inntil under sundagsgudstenesta den nest siste sundagen i august 2006, på min aller første tur i vesterveg.


Vík í Mýrdal, Island


På sørspissen av Island, ved Vík í Mýrdal, finst det ein underleg sandstrand, som noko ut or eit monumentalt fantasy-epos. Stranda er svart. Enorme, stormfulle bølgjer tordnar inn over strandlinja. Her skal du ikkje gå for nær havet, før du veit ordet av det tek dei enorme vassmassane tak i den forsvarslause kroppen din og dreg deg til havs. Det skjedde medan me var der - me høyrde eit skrik gjennom vinden, og såg nokre skikkelser som halte ei tenåringsjente lenger opp på stranda, på ein sikrare stad. Og så går det ikkje lange stunda før nokre andre turistar tek til å utfordra skjebnen... 

Det amerikanske tidsskriftet "Islands Magazine" utnemnde i 1991 stranda til ei av dei vakraste strendene i verda. Og staden er magisk. Den svarte basalten som dekkjer stranda med sine små, glinsande steinar, den enorme hola i eine enden, dei trolske klippene ute i sjøen, kalt Reynisdrangar (ein av dei er 60 meter høg) - du kjenner deg som midt i eit mørkt kapittel i ein merkverdig saga. Kva som helst kan henda her. Fantasien treng ingen hjelp for å sjå for seg vikingskip ute i dønningane, eller ein flokk piratar som gøymer ein skatt inne i hola. Eller  vetter og eldsprutande drager frå fordums tid. Ikkje så rart, då, at Vík er åstaden for det oppdikta Hanso Foundation sitt Vik Institute, frå TV-serien Lost.



Unst, Shetland


På øya Unst sluttar Storbritannia. Det er den nordlegaste øya på Shetland - og herfrå er det Atlanteren som rår, Færøyane neste! Om du då ikkje tel med den vesle holmen Muckle Flugga (frå norrønt Mikla Flugey) og fyrtårnet der, som nokon på ubegripeleg vis har klart å reisa på toppen. 

Og nett dette fyrtårnet gjer denne vesle sandstranda dobbelt interessant. For ikkje berre er dette den ytste grensa for Storbritannia i nord, men det var bestefaren til diktaren Robert Louis Stevenson som bygde fyrtårnet. Og Robert Louis var med han hit. Og det var her han fekk ideen til "Skattøya". Tenk det, å rusla på ei strand som dannar den nordlegaste grensa for eit gammalt verdsimperium, og gå i dei utviska fotspora til mannen som unnfanga ideen til tidenes beste sjørøvarbok! Og attpåtil er det ein fin dag.



Douglas, Isle of Man


Overalt på Man er det synlege spor etter den norrøne kulturen, eller "vikingtida" om ein vil. Ei eiga avdeling på museet i Douglas fortel om dei arkeologiske funna som er gjort - einskildfunn som sverd og smykker, og utgravingar av busetnader og graver, m.a. såkalla båtgraver. I ei kistegrav på Ballateare nordvest på øya vart det t.d. gjort interessante funn av ein vikinghøvding som var gravlagd saman med ei trellkvinne som vart funne med knust hovudskalle. På Maughold nord på Man fekk me studera ei rekkje bautasteinar med norrøne solkross. I kyrkja like ved finst eit av dei aller eldste relieffa av dei tre føtene som har vorte sjølve symbolet for Man og som også går att i flagget -  eit eldgammalt symbol for venskap. På den same søyla finn me også den doble rosa som var symbolet for Nidaros på 1100-talet. Isle of Man og Suderøyane (Hebridane) var underlagt biskopen av Nidaros. Spor etter det norrøne samfunnet finst  såleis alle stader - også i mange av stadnamna.


Skara Brae, Orknøyane



Skara Brae vert gjerne omtala som Nord-Europas Pompei. Fram til 1850 låg Skara Brae godt gøymd og preservert under sanddynene i  Bay of Skaill på vestkysten av Mainland. Eit enormt uver med kraftige bølgjer og sterk vind pressa vekk både gras og sand, og då kom fleire restar av steinhus til syne. Det vart staks sett i gong graving, men det var først på slutten av 1920-talet at det for alvor vart sett i gong metodiske arkeologiske undersøkingar, frå 1928-1930.   

Og det dei fann kunne ta pusten frå nokon kvar. Ein komplett landsby, eller gard, kom for dagen. For meir enn 4000 år sidan tok folk til å bu her og dyrka jorda, og heldt fram med å leva her i 600 år. Mange var dei ikkje - ein reknar med at det levde mellom 50 til 100 personar her samstundes. Omlag 2500 f.Kr. vart staden forlaten, truleg pga. klimaendringar som førte til kjølegare ver og meir nedbør. Og etter kvart forsvann heile landsbyen under eit lag av sand...

Det er underleg å gå mellom desse ruinane og studera den uhyre presisjonen som ligg bak bygginga av desse steinkonstruksjonane. Kven snakka om primitive steinalderfolk...?  


Lerwick, Shetland


I "Det pantsette landet" har den produktive forfattaren og historikaren Johannes Heggland henta historisk stoff frå Shetland, det gamle Hjaltland. Det er på slutten av 1500-talet, midt under det verste styret til den brutale skottejarlen Patrik, som let mange arbeida som trellar på den nye, store borga si. Far til unge Heine og Åsil blir tvinga til å gå i jarlen si teneste.

Johannes Heggland vitja Shetland året før han skreiv boka, saman med dottera Marianna, for å samla stoff. Marianna hugsar i dag at det var eit skrekkeleg uver den dagen dei tok turen for å sjå på ruinane av jarlen sin borg. "Det pantsette landet" er å finna på folkebiblioteket i Lerwick, på hylla med bøker om Shetland.

Kirkjubøur, Færøyane


Det du ser på biletet er ein av dei mest interessante kyrkjeveggene i Norden. Biletet er frå St. Magnusdomen på Kirkjubøur, på Færøyane. I mellomalderen var dette eit viktig bispesete, inkl. ein presteskule, og vår eigen kong Sverre, kanskje vår største konge nokonsinne, fekk si utdanning her. På Kirkjubøur vart det bygd tre kyrkjer, dvs. den eine av dei - den største kyrkja, St. Magnusdomen - vart aldri bygd ferdig. Det du ser er eit relieff av Kristi krossfesting, med jomfru Maria og Maria Magdalena.

Og no kjem eg endeleg til saka: I 1904 løsna dei på denne steinen. Då viste det seg at det var lagt nokre skinnposer inn i muren, bak relieffet, med latinsk påskrift skrive med runer. Dei kunne fortelja at desse skinnpungane inneheldt ein flis av Kristi kors, eit stykke av klesdrakta til jomfru Maria, samt eit bein av skjelettet til Orknøy-jarlen St. Magnus, som denne kyrkja er vigd til. Mellom anna. Så skulle ein tru at sakene vart sendt til eit eller anna universitet eller museum. Men nei. Alt saman vart lagt på plass att og forsvarleg murt igjen. Så bak denne muren finn me altså relikviar som ein flis frå Kristi kors og nokre tøystykkjer frå drakta til jomfru Maria. Eit foto av det me ikkje ser...