Skálholt, Island


Originalen til dette underlege kartet, det såkalla Skálholt-kartet, vart teikna på Island ca. 1590, men gjekk seinare tapt - det kartet som er bevart i dag er frå 1670 og er teikna av biskop Torlaksson. Dei fleste forskarar har vore av den meining at kartet er teikna på grunnlag av innhaldet i Vinlandssagaene, og såleis er utan geografisk verdi. Men på den andre sida finst det ikkje så mange kart frå denne tidsepoken som teiknar eit så truverdig bilete av områda i Nord-Amerika. Dessutan, som Helge Ingstad peikar på, er Vesterbygda og Austerbygda på Grønland rett plassert, og det er interessant i og med at nøyaktig kvar Austerbygda låg gjekk i gløymeboka  – men her er det altså teikna rett inn. Ingstad meiner at desse forholda tyder på at kartet har rot i gammal tradisjon.

På den lange odden i vest står det skrive: Promontorium Winlandiæ. Etter Ingstad si oppfatning peikar dette mot Newfoundland, som har den same langstrakte og smale formen. Eller blir det å trekkja det for langt?  Til dømes har kartet ein djup fjord lengst i vest, den finst ikkje på Newfoundland. Først eit par hundreår seinare  vart stretet mellom Newfoundland og Labrador oppdaga – Strait of Belle Isle. På den andre sida er det sjølvsagt godt mogleg at dei norrøne sjøfararane kjende til stretet. 

I byrjinga av 1950-åra teikna dansken Carl Sølver om kartet i rett forhold mellom lengde- og breddegrader etter Mercators system og konstaterte flg.: den gamle ruta til dei grønlandske bygdene frå Hernar i Noreg til litt nord for Grønlands sørspiss vert etter eit moderne sjøkart 1373 nautiske mil – og etter Skálholt-kartet nøyaktig det same! Frå sørspissen av Grønland til nordspissen av Newfoundland er det 640 nautiske mil – Skálholt-kartet viser 622 nautiske mil.

Dette er forbløffande. Dersom det er slik at ein eller annan på slutten av 1500-talet har mora seg med å teikna eit Vinlandskart etter å ha lese Vinlandssagaene, korleis kunne han då treffa den omtrentlege lengda til Newfoundland uten at det bygde på faktiske opplysningar frå sjøfolk som sjølv har segla dit? 

Spørsmål, spørsmål...


(Kartet finst i dag oppbevart på Det kongelige bibliotek i København.)