Reykjavik, Island


Interessert i litteratur og historie som eg er måtte eg sjølvsagt få med meg den store saga-utstillinga på det gamle nasjonalbiblioteket i sentrum av Reykjavik i forfjor, som no er gjort om til kulturhus. Her kunne me m.a. få sjå nokre av dei mest kjende sagaene i originale handskrifter - og som sagt, det måtte eg berre ha med meg.

I det same såg eg at det låg ei oppslått gjestebok på eit bord. Det var fint dandert rundt boka, med friske blomar og levande lys - ja, dei tenkte nok at det skulle vera høgtid kring eit besøk for å sjå dei mange hundre år gamle vakre manuskripta. Eg tok pennen - det var til og med ein ekte fyllepenn - bøygde meg fram og tok til å skriva namnet mitt. Ingen hadde skrive i ho før - det såg ut som eg fekk æra av å vera førstemann. Jo, forresten - på det forrige arket hadde nokon skribla over heile sida… det såg mest ut som Angela Merkel…?

Eg hadde skrive “Knut Rag...” då vakten kom stormande. - Kva er det du gjer?
 - Eg skriv namnet mitt... Det er jo ei gjestebok.
 Vakten såg ganske bestyrta ut. - Den er ikkje for vanlege folk. Det er ei slik bok me har til... presidentar og slikt.
 - Ja, men det kunne ikkje eg vita. Boka låg jo oppslått.
 - Vel, eg får prøva å ordna det på eit vis, sa vakten. - Berre gå og sjå på utstillinga. Det siste sa han i ein tone som tydeleg gav uttrykk for at han ville bli kvitt oss.


 Og me gjekk og såg utstillinga. Då me kom tilbake til vestibylen ein halvtime seinare hadde mykje endra seg. Det krydde av høge. kortklipte og glattbarberte menn i svarte dressar med bul under dressjakka og små headsett. Atmosfæren var litt spent og hektisk.
 - Ser ut som sikkerheitsvakter, sa eg.
 Me fekk tak på sakene våre og tusla ut. 

 Og det var då me kom ned trappa at me byrja ana kva som var på ferde. Utanfor bygningen stod ein skinande svart limousin med kjenneteiknet “Island 1” - presidentens bil. Men flagget på bilen var ikkje islandsk - det tilhøyrde Litauen. Nysjerrige turistar samla seg på respektfull avstand. Det var statsbesøk, med presidenten i Litauen som gjest. Og no skulle dei samlast til møte eller mottaking i det gamle nasjonalbiblioteket. 

 Det var altså difor gjesteboka var lagt fram... Og eg som hadde skribla namnet mitt i den! “Knut Rag...” saman med den litauiske presidentens signatur! Kva hadde vakten gjort med boka - hadde han bytta den ut med ei anna, eller rive ut sida eller brukt korrekturlakk? Der og då var det ganske pinleg å tenkja på.
 Eg hadde uansett ikkje tenkt å bli verande for å finna det ut. Eg tok eit bilete av presidentens bil - og så stakk me.