Kirkwall, Orknøyane


Eg plar gjerne tenkja meg det slik at den største norske kyrkja frå mellomalderen, forutan Nidarosdomen, er  St. Magnus-katedralen i Kirkwall på Orknøyane. Det fortel sitt om kor flytande og omfattande den norrøne kulturkrinsen var. Noregshistoria er ikkje avgrensa til Noreg, for å seia det slik. 

St. Magnus-katedralen er bygd av raud sandstein og dominerer biletet i den vesle, idylliske byen Kirkwall. Men omstenda kring bygginga av kyrkja vart alt anna enn idyllisk, det gjev Orknøyinga saga ei livfull og dramatisk skildring av. 

Det var Ragnvald Orknøyjarl som starta bygginga av St. Magnuskatedralen, til ære for onkelen Magnus Orknøyjarl som hadde lidd martyrdøden i 1115. Ragnvald drog saman med biskop Vilhelm den gamle, Erling Skakke og andre på korstog i åra 1151–1155. Då han kom tilbake til Orknøyane hadde det oppstått ein maktstrid medan han var vekke, og han vart myrda av nokre slektningar under leiing av Torbjørn Klerk i Caithness i Skottland.

Det vart meldt om miraklar ved grava hans i St. Magnusdomen. I Orknøyinga saga vert det fortald om jærteikn og at "biskop Bjarne med pavens tillatelse lod hans hellige levninger optage" (i mi gamle omsetjing). Under arbeidet nmed restaureringa av kyrkja i 1919 vart det funne to skjelett som var murt inn i pillarane ved koret. Det er godt mogleg at det dreier seg om relikviar etter  Magnus og Ragnvald. I alle høve ein svimlande tanke der eg sit kloss inntil under sundagsgudstenesta den nest siste sundagen i august 2006, på min aller første tur i vesterveg.