Peel, Isle of Man


På det historiske opplevingssenteret i den vesle hamnebyen Peel, på austsida av Man - House of Manannan, som vert vakta av ein barsk vikinghovding ved inngangen, mellom borgen Peel Castle på den eine sida og den skarpe, underleg velkjende lukta av kippers som kjem drivande frå kippersfabrikken nede i hamna - får du sjå filmen om den vennlege vikingen. Eit vikingskip gjer strandhogg, ville hordar hopper i land, dei fromme kristne jomfruene på øya flyktar skrikande unna ein lagnad verre enn døden. Ei vakker jente spring opp i høgda med ein ung blond viking etter seg. Han når henne att, kastar henne i bakken. Ho gjev opp all motstand, veit kva som no vil skje. Men i staden smiler han og seier noko som ho tolkar som: "Eg er ein ven..."

Det vert sagt at den norrøne invasjonen på Isle of Man gjekk fredeleg for seg. I det minste er det slik ein gjerne vil framstilla det no i ettertid. Det finst då heller ingen direkte prov for at vikingane herja og fòr ille fram på Man slik dei gjorde andre stader i vesterveg. Me veit eigentleg lite om det. Innskrifter frå 900-talet syner at det fanst eit slags kulturelt samkvem mellom dei to folkeslaga - nordmennene og keltarane. Men det er ikkje umogleg å tenkja seg at norrønt vart det dominerande målet nettopp gjennom giftarmål mellom kristne keltiske kvinner og norrøne menn. Endå i dag vil du finna ein viss byrgskap hos innbyggjarane på Man om du nemner arven frå den norrøne perioden. Då den norrøne herskarklassa forsvann herfrå let dei etter seg eit særeige kongedøme med ein rik kultur og kyrkjeliv, og ikkje minst Tingvoll - Tynwald - verdas eldste parlament.