Lewis, Hebridane


Eg er glad i kyrkjegardar og oppsøkjer dei så sant eg kan. Ein gravplass fortel deg mykje om ein stad, om menneska der og om levde liv. Særleg i vesterveg. Kanskje det er dei litt gammalmodige keltiske solkrossa, eg går sjølv med eit slikt rundt halsen. Det var desse krossa som representerte den norrøne katolske trua. Diverre fall dei i miskreditt her til lands etter Nasjonal Samling sin symbolbruk - det er på tide me tek den keltiske krossen tilbake.

Som på denne vesle kyrkjegarden på Hebridane, på øya Lewis. Så einsamt det er her. Berre regnet som plaskar ned over krossar og grasmarkar. Men samstundes noko høgreist, noko stolt - og ei påminning om at det for kvar augneblink som går ikkje lenger finst notid, berre fortid.