Barra, Hebridane


Ytre Hebridane er ein verkeleg utkant. Du må mest ha reist rundt omkring der på eiga hand for å skjøna det. For å koma deg til Barra, den sørlegaste øya, kan du ta eit fly frå British Airways som landar på stranda ved fjære sjø. Lenger ute i havkanten ventar ein brannbil, i fall noko går gale. Inne på den vesle flyterminalen er det whisky å få. For dei som treng å roa nervane etter landinga… Men slapp av, det går aldri gale. Ja, det er lett å seia...