Reykjavik, Island


Mange trur at dei islandske og færøyske språka er det same som norrønt. Det er dei ikkje - ikkje heilt. På same vis som våre norske dialektar, har språka endra seg gjennom hundreåra. Men likevel seier me om det språket ein tala på Shetland fram på 1800-talet at det er ein norrøn variant, på same vis som me godt kan seia det same om moderne færøysk, som er relativt lett å forstå for oss nordmenn. 

For meg som språkinteressert og nynorskbrukar er det interessant å koma til Island og Færøyane. Særleg skilta vart me fortrulege med ganske snart. Me forstod stort sett kva som stod på dei - og fekk oss mang ein god latter. Islandsk er som ein slags parodi-nynorsk, i slekt med “blodpumpe” og “raukvilevippa”. Ein buss, t.d., heiter “hopabil” - det seier seg sjølv. Nyhendesendingane på tv, “frettir”, vart etterfølgde av “Kastaljos” - aktuelt. Her gjekk trendy unge folk på Kaffistova utan å skjemmest. Bilkart heiter “ferdakart”, og i butikken sin godtehylle heiter det “nammibar” - til innpå 2000 kr kiloet. Og parkeringshus heiter sjølvsagt “bilahus”. På biblioteket las eg at skjønnlitteratur heiter “skáldrit”. Her fann eg bøker av Johannes Heggland (som eg også bloggar om) under skiltet “Skáldrit á erlendum málum” - skaldrit på andre språk. Alt dette har samanheng med at islendingane vegrar seg mot innslag av ord frå andre språk, som me ser så mykje av i Noreg. 

Dette var den skriftlege islandsken - på skilt. Med ei avis vart det straks litt verre. Og når folk snakka islandsk forstod me ikkje det døyt. Dei forstod heller ikkje oss - korkje vestnorsk eller bokmål (dvs. dei forstår oss, men vil helst unngå å svara på dansk. På Færøyane, derimot, er dansk eit vanleg talespråk.) Så difor tydde alle partar til amerikansk. For om det er noko islendingar kan, så er det amerikansk.