Torshamn, Færøyane



Torshamn på Færøyane kallar seg for verdas minste hovudstad. Og det skal dei gjerne få meg til å tru. Byen er liten - og det er noko gammalmodig over gater og butikkar, som om dei ikkje heilt har greidd å halda tritt med den moderne verda. Og det er kanskje like greitt. Det er fort gjort å gå frå den eine enden av byen til den andre.

Midt i den vesle hovudstaden ligg ein klynge raudmåla hus med grastak. Det er den gamle bydelen, slik ein finn Torshamn skildra i William Heinesen sin klassikar "De fortapte spillemenn" (1950):

"Langt ute i det kvikksølvlysende verdenshavet ligger et ensomt lite blyfarget land. Det ørvesle berglandet forholder seg til storhavet omtrent som et sandkorn til gulvet i en ballsal. Men sett under et forstørrelsesglass er dette sandkornet likevel en hel verden med fjell og daler, sund og fjorder og hus med små mennesker. Ja, et sted ligger til og med en hel liten gammel by med brygger og pakkhus, gater og veiter og bratte smug, hager og torg og kirkegårder. Der er også en gammel kirke på en bakketopp. Fra tårnet er det utsikt over hustakene i byen og utover det veldige havet."

Torshamn vaks fram som ein marknadsplass kring den norrøne tingstaden ytst på svaberga der ein i dag finn "regjeringskvartalet". Det er ikkje travlare enn at statsministerens kontor har redusert opningstid i august.