Isle of Man i Irskesjøen vart ei vikingøy allereie på 800-talet, og var under norsk herredøme fram til 1266 då den norske kongen selde øya til Skottland. Seinare hamna øya på engelske hender fram til 1765, då Isle of Man vart ein suveren stat. I dag er Man eit mini-rike for seg sjølv, med eige parlament, eigne lovar og eigne pengar, men framleis medlem av det britiske samveldet.
Sentralt i alle tumultane stod borgen i Castletown, den gamle hovudstaden på Man. Castle Rushen er den best bevarte mellomalderborgen i Storbritannia, bygd under det norske styret, av Mans siste norrøne konge Magnus III av Man (1252–1265). I dag kan ein vandra gjennom borgen, opp og ned smale trappegangar, inn og ut av kammers og store hallar, og gjenoppleva det til dels dramatiske og i alle høve fargerike livet som ein gong utspant seg her, i krig mot England eller seinare, då dei såkalla lords of Man heldt til her.
Ein kan seia kva ein vil, men britane kan dette med å skapa levande musear. Castle Rushen er full av livlege tablåar. Her kan den besøkande m.a. vera til stades under ein overdådig bankett med den siste kongen av Man, biskopen og slottsforvaltaren.
(Bilete under: Wikipedia)