Dagboknotat, 6. august 2012 # Landet utan turistar. Ja, det er nok ei lita overdriving, men om du gjerne vil reisa til ein stad du får ha mest mogleg i fred for deg sjølv, skal du leggja turen til Færøyane. Turistsesongen på Færøyane er ganske kort, frå juni til ut august, og du vil fort oppdaga at det ikkje er så mange andre turistar å sjå. Du vil også ganske snart oppdaga ein annan ting - nemleg at somrane i øygruppa ikkje er av dei varmaste. For spøk seier ein gjerne at det er seks gradar om vinteren og sju gradar om sommaren.
Færøyane er heller ikkje ei slags light-utgåve av Island. Øyane har i høgste grad sin eigen særeigne identitet.