God jul!
"Um hesa tíðina gekk út boð frá Augustusi keisara, at allur heimurin skuldi skrivast í manntal. Henda fyrsta innskrivingin var, meðan Kvirinius var landshøvdingi í Sýrlandi. Tá fóru øll at lata seg skriva, hvør til sín egna bý. Eisini Jósef fór úr Galilea, úr býnum Nazaret, til Judea, til bý Dávids, sum eitur Betlehem - tí hann var av húsi og ætt Dávids - at lata seg skriva, saman við Mariu, trúlovaðu síni, sum var við barn. Meðan tey nú vóru har, kom tíðin, at hon skuldi eiga. Og hon átti son sín, hin frumborna, og sveipaði Hann og legði Hann í krubbu; tí ikki var rúm fyri teimum í gistihúsinum."
(Juleevangeliet - frå den færøyske bibelomsetjinga)
Yell, Shetland
Øya Yell nord på Shetland er ikkje verdas navle. Men om folk her ikkje skal bli tvungne til å reisa langt avgarde for å handla inn mat treng dei ein nærbutikk, sjølv om denne landhandelen sett med våre auge ikkje er rare greiene. Ikkje er det ope kvar dag heller. Og den raude britiske telefonkiosken held stand.
Cregneash, Isle of Man
På Isle of Man lever framleis draumen om det fredelege livet på landsbygda, sjølv om desse husa forlengst er gått over til å fungera som museum. Men på Isle of Man har tida på mange vis stått stilt - i den victorianske hovudstaden Douglas lever tradisjonar og gamle dagar vidare, her finn du framleis hestetrikk og damplokomotiv frå slutten av 1800-talet - og ute på bygda idyllar som denne. Øya er ei pussig blanding av eit statisk, konservativt samfunn og brølande motorsyklar (her er det VM i det meste som går på to og tre hjul), av keltisk og norrøn historie og britisk kultur.
Og altså idylliske stader som dette, den vesle landsbyen Cregneash, heimstaden til dei særs sjeldne Loaghtan-sauene med fire horn. Med blå himmel, varmt i veret og fjernt frå det meste. Ein stad som får pulsen til å roa seg ganske mange hakk.
Klaksvik, Færøyane
På privat konsert i eit gammalt sjøhus i Klaksvik med Hanus, Færøyane sine store folkesangar. Etterpå drakk me færøysk øl og dansa ringdans med Hanus som instruktør.
Hanus (G. Johansen) snakkar dessutan norsk og har vore her i landet ei rekkje gongar. Ikkje minst har han vunne han eit publikum her til lands med sine melodiar til dikt av Jacob Sande som kom på CD i 2006. Han har sjølvsagt også spelt inn ei rekkje plater på Færøyane. Særleg songen "Blóma" er nærast folkeeige på Færøyane.
Eit par dagar seinare åt me middag med Hanus. Ein særs triveleg kar, tvers gjennom ein ekte kunstnar og ein fin representant for færøysk kultur og veremåte.
Mýrdalsjökul, Island
Mýrdalsjökull er den fjerde største isbreen på Island. 300–400 meter under den 595 km² store isbreen ligg vulkanen Katla. Sidan år 874 veit me at Katla har hatt i overkant av tjue utbrot, med omlag femti års mellomrom. Det er altså ikkje spørsmål om viss det kjem eit nytt vulkanutbrot, men når. Og når det skjer, kan ein risikera at det vil strøyma enorme mengder vatn ned mot Vik, på sørspissen av Island. Evakueringsplanane er klare - og noko alle har i bakhovudet, heile tida.
Den dagen me tok turen opp til Mýrdalsjökull, i august 2013 - sonen min og eg - blåste det kraftig - og det hagla. Det var kort sagt ufyseleg. Ettersom sonen min, som heiter Ketil, bur i England og synest han slit litt med namnet, var det då berre passande at me gjekk i veg for å sjå til Katla, som er det islandske kjælenamnet for Ketil. For på Island er Ketil eit ganske vanleg namn!
Men spøk til sides - me var ikkje heilt førebudde på uveret som møtte oss, og ved foten av Mýrdalsjökull gjorde me vendereis. Gjekk tilbake gjennom haugane av svart lavasand, på smale stiar med dammar og små sjøar av brevatn på alle kantar. For det er slik at Mýrdalsjökull minkar dramatisk med fleire meter for kvart år som går.
Scalloway, Shetland
Astrid Larsen, dotter av Shetlands-Larsen, med sonen Andreas ombord i "Hitra" som låg til kai i Scalloway 17. mai 2012.
Shetlandsfarten var eit viktig og avgjerande transportledd over Nordsjøen under andre verdskrigen. Det var eigentleg ein mykje større operasjon enn namnet skulle tyda på. Britane bygde det opp som ei regulær norsk marineavdeling. Båtane frakta våpen og ammunisjon, agentar, jødar og andre flyktningar over til Shetland, Skottland og England – eller frå Storbritannia til Norge. Dei fleste som tok del i denne fårefulle trafikken var unge menn, dei fleste i alderen 17 - 30 år.
I byrjinga vart det nytta vanlege norske fiskefarty, men då tyskarane skjerpa vakthaldet langs norskekysten vart det sett inn tre amerikanske ubåtjagarar som ei gåve frå USA til Noreg. Ein av desse jagarane, "Hitra", låg til kai i Scalloway då statsminister Stoltenberg opna det nye museet 17 mai.
Då krigen tok slutt hadde shetlandsbussane transportert 192 agentar og heile 383 tonn med våpen og forsyningar til Noreg, samstundes som dei hadde hjulpe 73 motstandsfolk og 373 flyktningar ut av landet. Men det hadde også sin pris - 44 sjøfok miste livet.
Mest kjend er Shetlands-Larsen, eller Leif Larsen (1906-1990) som han eigentleg heitte. Som skipper gjorde han 52 turar over Nordsjøen, i byrjinga med vanlege fiskefarty, før han vart skipssjef på KNM "Vigra". I 1945 hadde han kapteins grad i den norske marine, og var ein av dei høgast dekorerte allierte sjøoffiserane. Han fekk også Noregs høgaste utmerking, Krigskorset med sverd i 1942. Det er laga både film og skrive bøker om Leif Larsen, og namnet Shetlands-Larsen er i dag eit omgrep.
Reykjavik, Island
Eit mest sjokkarta møte med dei islandske sagaene - i original! Fotografering forbode, men ingen tenkte på at eg hadde ein Android i lomma! Tanken på denne fantastiske einestånde litteraturen, skriven ned på 1300- og 1400-talet, for ein stor del i kyrkjeleg regi, i eit folkeleg språk, det språket som vart talt på Island, i ein prosa som knapt høyrde heime i samtida, men som høyrer heime i verdslitteraturen - og å verkeleg sjå desse manuskripta, ark laga av strekt kalveskinn, skrive med pennar av gåsefjær, med blekk av plantefargar, så fullkomne, så meisterlege...
Og dernest - den islandske handskrifttradisjonen, som stilt ut på universitetsbiblioteket i Reykjavik... Det er som ein bøygjer seg i støvet og vert katolsk av mindre. Som t.d. det vesle handskriftet på biletet. Slik vart bøker og litteratur laga kringom på sagaøya - handskrivne, lese, utveksla.
Bessastaðir, Island
I midten av august 2011, mindre enn ein månad etter 22. juli-terroren i Noreg, spaserer eg rundt omkring på fredelege Bessastaðir, president-bustaden utanfor Reykjavik. Nokre turistar, nokre lyse skyer på ein blå himmel. Ikkje ein sikkerheitsvakt å sjå, ikkje ei einaste sperring, ingenting. Eg kan gå tett opp til huset. Det ser ikkje ut som det er nokon heime. Det ser ikkje ut som det er nokon der i det heile teke. Så etter å ha teke bilete av bustaden kikkar eg heller innom kyrkja.
Eg må innrømma at eg veit lite om denne staden. Eg kan sjølvsagt lesa meg til det, som allle andre. Men det får vera i denne omgangen. Ruslar berre rundt i kyrkja og på gravplassen utanfor. Og veit at det er mykje historie her på Bessastaðir - særs mykje. Og at det er ei uskuld her som Noreg har mista. Den håper eg ingen tek frå Island.
Scalloway, Shetland
Det nye museet i den vesle byen Scalloway, som var hovudbase for shetlandsbussane under krigen, hadde stått ferdig eit års tid, men sjølvaste 17. mai 2012 var det duka for den offisielle opninga.
Her vart ein modell av den legendariske skøyta "Arthur" som vart ført av Shetlands-Larsen overrekt som ei gåve til museet i Scalloway. Atle Sangolt, som miste faren sin Karsten Sangolt under ein av ”Arthur” sine taler, heldt ein interessant tale før overrekkinga. Mor til Atle Sangolt vart seinare gift med Shetlands-Larsen.
Foto: Ein modell av den legendariske skøyta "Arthur" som vart ført av Shetlands-Larsen vart overrekt som ei gåve til museet i Scalloway. Frå v. museumsstyrar Robert Johnson, Atle Sangolt som heldt tale, og modellbyggjar Anker Gravdal frå Stord.
Abonner på:
Innlegg (Atom)