Lunna House, Shetland


Dei fleste nordmenn set automatisk Shetland i samband med Shetlands-Larsen og dei fårefulle ferdene fram og tilbake over Nordsjøen. Det desse mennene gjorde var ikkje lite - då krigen tok slutt hadde shetlandsbussane transportert 192 agentar og heile 383 tonn med våpen og forsyningar til Noreg, samstundes som dei hadde hjulpe 73 motstandsfolk og 373 flyktningar ut av landet. Men det hadde også sin pris - 44 sjøfok miste livet.

Den første tida budde Shetlands-gjengen på 1700-tals herregarden Lunna House. Etter ei tid til nedfalls etter krigen er den gamle herregarden no fiksa opp av eit ektepar frå England, som driv pensjonat her. Så om du kan tenkja deg ei tid på Shetland i særs fredelege (og herskapelege) omgjevnader, er det berre å leita dei opp. Her kan du jamvel bu på Shetlands-Larsen sitt gamle rom.


Callanish, Hebridane


Steinringen ved Callanish på Hebridane har fått status som ein god nummer to etter Stonehenge i England. Anlegget er datert til kring 2000 f. Kr. og består av 13 primærsteinar som dannar ein sirkel på 13 meter i diameter, med ei lang rekkje mot nord og kortare rekkjer i dei andre retningane (kanskje fordi steinar er blitt vekke).

Sett frå lufta ser ein tydeleg ein noko "skeiv" keltisk kross (sjølv om ein ikkje skal leggja for mykje i nett dette). Høgda på steinane varierer noko, frå ein til fem meter. Samtlege steinar ser ut til å vera tekne frå steinbrot i området. Det er funne spor etter gravlegging her.

Både innan folketrua og også hos somme vitskapsmenn er steinringen sett i samanheng med astronomiske fenomen - eit kalendarsystem som er basert på månen sin posisjon. Det vert peika på at fullmånen ved midtsommar, når den stig over ein av åsane i nærleiken, skin gjennom "steingata" når ein ser mot sør. Men som det heiter - derom strides dei lærde..



Borg, Island


I fjor sommar og haust las eg sagaen om Egil Skallagrimson, Islands nasjonalpoet. Det er ein av dei mest omfangsrike sagaene. Egil Skallagrimson levde i landnåmet si tid, og det var sjølvsagt ei stor stund då me besøkte staden der han budde, på Borg, ein 5-6 mil vest for Reykjavik, i august i fjor. Ettersom eg i si tid studerte litt norrønt og las Egils saga på ei blanding av norrønt og engelsk, vart eg overlaten mikrofonen i minibussen som tok oss med på ein "saga-rundtur" til nokre av dei mest kjende historiske stadene, og fekk applaus for framføringa mi frå sagaen på norrønt talemål, jamvel frå den islandske guiden. Men det er sant å seia med meg som med degnen som snakka latin med Erasmus Montanus, ingen andre enn Erasmus kunne høyra at han eigentleg berre babla i veg på eit slags heimesnikra kvasi-latin (vel, guiden høyrde det nok). Men kva gjer det, flott høyrest det!

På Borg finst det eit museum som er vigd til Egil Skallagrimsson og landnåmstida på Island. Eg fall for denne figuren - slik såg ein skikkeleg trollmann ut i dei tider!

Under: gravhaugen til minne om Egil. 




Nólsoy, Færøyane


Nytt og gammalt, fortid og notid samlar seg i kameralinsa: steinrøysa i forgrunnen er synlege spor etter busetning i vikingtid, medan den vesle landsbyen på Nólsoy ein halvtimes ferjetur frå Torshamn på Færøyane klumpar seg saman i bakgrunnen. Det kan gå hardt for seg her når vinterstormane set inn.

Yell, Shetland


Ull har vorte det viktigaste materialet for fleire kunstnarar på Shetland. Ein av dei er Liz Gott. Ho held til på Yell, ei av dei nordlegaste øyane, i ein liten landsby der landhandelen nede ved sjøkanten berre har ope eit par timar til dagen. Butikken ser ut til å ha endra seg lite dei siste tretti åra.

Liz Gott lagar strikka bilete, av Shetlandsull. Dei vert til på ein ganske omstendeleg måte, fortel ho. - Eg byrjar med å ta bilete av motivet. Dette overfører eg til pc'en og endrar fargane slik at det vert berre nokre få grunnfargar. Frå dette biletet lagar eg eit strikkemønster via ei strikkemaskin.

Etter at bileta er strikka på maskin supplerer ho med andre teknikkar, som filting, toving og saum, samt opphøgde felt. Det er ein relativt komplisert prosess. Frå dette mønsteret vert biletet strikka ferdig. Resultatet vert vakre bilete som ein meir enn gjerne vil ha på veggen.