Tidlegare heldt eg meg i prinsippet unna bibliotek og bokhandlar når eg hadde ferie, men det er berre i prinsippet og gjeld aldri når eg er på reis. Aller minst i dette herleg kaotiske bokantikvariatet i Reykjavik, i Hverfisgata om eg ikkje minnest feil (som går sidelengs med handlegata Laugavegur). Eit godt gammaldags antikvariat slik gode gammaldagse antikvariat skal vera. Kaoset har berre auka på for kvar gong eg har vore innom. Ei fantastisk kjensle å smyga seg mellom bugnande hyller og vaklevorne stablar med bøker - det meste på islandsk - og berre det å ta dette framande, underleg kjende språket innover seg! Og kva anna finn eg enn ei av mine favorittbøker, klassikaren "Pickwick-klubben" på islandsk - "Ævintýri Pickwicks"!
Island har ein lang tradisjon for litteratur, heilt tilbake til sagalitteraturen som vart skrive av lærde menn, munkar og prestar, i mellomalderen. Og moderne klassikarar som Halldór Kiljan Laxness (som m.a. skreiv den vidunderlege romanen "Islands klokke"). Den raude Jaguaren hans står framleis parkert utanfor huset der han budde, eit stykke utanfor Reykjavik. Også i dag gjer islandske forfattarar seg sterkt gjeldande, både som poetar og krinforfattarar. Islendingane er visstnok framleis mellom dei fremste boklesarane i verda.