Velkomen til ei ferd i vesterveg - eller rettare sagt, streif i eit øyrike som ein gong var ein del av det norrøne kulturområdet og som framleis har ei sterk tilknyting til Norge, på forskjellig vis.
Eg er ein entusiast som i utgangspunktet hadde interesse av å vitja stader vestpå med historisk samband til vikingtida, men etter kvart tok eg til å fatta interesse for desse øysamfunna i seg sjølv, deira kultur og eigenart. Det førte til fleire turar, nokre gongar i selskap med andre, andre gongar mutters åleine. Og for kvar tur kom eg heim med endå meir kunnskap om desse stadene vest i havet som ein gong i tida høyrde til Noregsveldet. Bloggen har vore ein måte for meg å gjenoppleva små og store hendingar på, og eg har vore glad for at eg har fått høve til å dela dei med så mange.
Dette er så langt det siste innlegget på bloggen, iallfall i denne omgangen. Men bli her ei stund, du finn meir enn nitti innlegg og bilete i arkivet (92 innlegg, faktisk, medrekna dette) - ta deg tid til å kikka gjennom innhaldet og kom gjerne tilbake!
Takk for turen - og kanskje me ser kvarandre igjen!
Om forfattaren av bloggen:
Knut Rage (f. 1952). Forfattar og lokalhistorikar. Meir info her.