Enden på reisa - og ei byrjing...

    (Bilete: Utanfor porten til kyrkjegarden på Kirkjubø, Færøyane)

Velkomen til ei ferd i vesterveg - eller rettare sagt, streif i eit øyrike som ein gong var ein del av det norrøne kulturområdet og som framleis har ei sterk tilknyting til Norge, på forskjellig vis.

Eg er ein entusiast som i utgangspunktet hadde interesse av å vitja stader vestpå med historisk samband  til vikingtida, men etter kvart tok eg til å fatta interesse for desse øysamfunna i seg sjølv, deira kultur og eigenart. Det førte til fleire turar, nokre gongar i selskap med andre, andre gongar mutters åleine. Og for kvar tur kom eg heim med endå meir kunnskap om desse stadene vest i havet som ein gong i tida høyrde til Noregsveldet. Bloggen har vore ein måte for meg å gjenoppleva små og store hendingar på, og eg har vore glad for at eg har fått høve til å dela dei med så mange.

Dette er så langt det siste innlegget på bloggen, iallfall i denne omgangen. Men bli her ei stund, du finn meir enn nitti innlegg og bilete i arkivet (92 innlegg, faktisk, medrekna dette) - ta deg tid til å kikka gjennom innhaldet og kom gjerne tilbake!

Takk for turen - og kanskje me ser kvarandre igjen!

PS. Du som har følgd bloggen har kanskje også interesse av denne nettstaden:
Runer før Columbus - Norrøn utforsking av Amerika - bløff eller fakta...?

Om forfattaren av bloggen:
Knut Rage (f. 1952). Forfattar og lokalhistorikar. Meir info her.

Dagboknotat, Færøyane


Dagboknotat, 6. august 2012 #  Landet utan turistar. Ja, det er nok ei lita overdriving, men om du gjerne vil reisa til ein stad du får ha mest mogleg i fred for deg sjølv, skal du leggja turen til Færøyane. Turistsesongen på Færøyane er ganske kort, frå juni til ut august, og du vil fort oppdaga at det ikkje er så mange andre turistar å sjå. Du vil også ganske snart oppdaga ein annan ting - nemleg at somrane i øygruppa ikkje er av dei varmaste. For spøk seier ein gjerne at det er seks gradar om vinteren og sju gradar om sommaren.

Færøyane er heller ikkje ei slags light-utgåve av Island.  Øyane har i høgste grad sin eigen særeigne identitet.

Sumburgh Airport, Shetland



Dagboknotat, 16. juni 2013:  Eit stort og nervepirrande moment i dag har vore om flyet til Bergen vil letta. I så fall kan det i verste (eller beste) fall innebera at eg må venta på neste fly, som går onsdag neste veke. Skodda ligg nemleg tjukk som ertesuppe over Shetland i dag. Men her sit eg på Sumburgh Airport, like ved Sumburgh Head (biletet) ei veke etter at eg kom hit, og no seier dei at flyet går som planlagd. 

Å koma inn for landing på Shetland må vera eit helsike for folk med flyskrekk. Flyet byrjar brått å kasta seg frå den eine sida til den andre mens det tilsynelatande stuper rett ned i sjøen. Det er faktisk den einaste staden i verda utanom Gibraltar der rullebanen er ein del av ein bilveg. Men det går greitt - dei stengjer berre vegen for biltrafikk mens flyet landar. Det er trass alt ikkje så ofte fly landar eller tar av her. På mitt fly frå Bergen i juni (2013) var me 9 passasjerar. Og det går kun to gongar i veka.

Det er ein veldig lang køyretur hit frå Lerwick. Taxisjåføren var både pratsam og hyggeleg, han slo av på prisen (som er latterleg billeg samanlikna med Norge) og på toppen av det heile tok han meg i handa til farvel, ønskte god reise og velkomen tilbake.

Klaksvik, Færøyane


Det første som skjer når du kjem til Færøyane er at du merker det iskalde draget i lufta. Midt på sommaren er det som du kjenner hausten i anmarsj. Men det varer berre ein augneblink, så er du van til det, merkar det ikkje meir. 

Det andre er stilla. Og det enorme sceneriet som vert spent opp for deg. Vid himmel, grøne fjellsider, ei fiskeskøyte, hus som vert små og ubetydelege i det tause landskapet. Du kjenner det som du nærmar deg enden på noko. Og at det vil bli ein god slutt, etter ei lang reise.  

Scalloway, Shetland


Den norske nasjonaldagen på Shetland, som blir feira med nordmenn til stades kvart år, vil ikkje så fort bli gløymd av dei som er med. Og gjett om nordmennene vert sett pris på av befolkninga på Shetland! 

17. mai 2012 vart ei spesiell oppleving. Eit kaos av vestlendingar frå Norge, vaksne og unge shetlendingar i vikingkostymer, sekkepipe og hurra-rop, pølser og iskald vind - norske og shetlandske flagg. Og den norske statsministeren på besøk! For ein fest! 

Og - den tragiske sida av det - minnet om alle dei nordmenn og britar som mista livet under Nordsjøfarten i krigsåra. Minnestøtten over dei falne i Scalloway har ein stein frå alle kommunar som er involvert, og vart reist i 2003. 


Klaksvik, Færøyane


Ein gong i tida, for svært lenge sidan, busette munkar frå Irland seg på desse fjerne øyane - og nokre språkforskarar har meint at Færøyane ikkje tyder det same som fåreøyane, men "dei fjerne øyane" - "the far islands" (frå gælisk). Det må ha vore ei underleg og stille verd som møtte desse einsamme munkane. Fjordar med tunge, tause fjell, vende inn i seg sjølve… Det er som denne fjorden og desse fjella nord ved Klaksvik har ei soge å fortelja… soga om ei æve utan byrjing eller slutt.

Mainland, Shetland


Pass opp! På Shetland kan det henda at ein oter eller fleire kryssar vegen. Du veit aldri...

Scalloway, Shetland



8. mai er dagen me aldri må gløyma å heisa flagget og å markera som ein av våre aller viktigaste merkedagar. Historikarar diskuterer kven som eigentleg "vann" krigen, men ein ting er sikkert - hadde det ikkje vore for Storbritannia og det britiske samveldet verda over er det ikkje godt å seia korleis Europa hadde sett ut i dag. Tankane mine går til dei mange sjøfolk som heldt vegen over Nordsjøen open under heile krigen.

Shetlandsfarten var eit viktig og avgjerande transportledd over Nordsjøen under andre verdskrigen. Britane bygde det opp som ei regulær norsk marineavdeling. Båtane frakta våpen og ammunisjon, agentar, jødar og andre flyktningar over til Shetland, Skottland og England – eller frå Storbritannia til Norge. Dei fleste som tok del i denne fårefulle trafikken var unge menn, dei fleste i alderen 17 - 30 år. Det vart hundrevis av oppdrag før krigen var omme.

På biletet ser me f.v. krigshistorikar Svein Ove Agdestein og krigsveteran Arvid Olsen med Scalloway på Shetland i bakgrunnen, som var hovudbasen for Shetlandsbussane under mesteparten av krigen.

Reykjavik, Island


Dagboknotat, august 2012 -  Eit mest sjokkarta møte med dei islandske sagaene - i original! Fotografering forbode, men ingen tenkte på at eg hadde ein Android i lomma! Tanken på denne fantastiske einestånde litteraturen, skriven ned på 1300- og 1400-talet, for ein stor del i kyrkjeleg regi, i eit folkeleg språk, det språket som vart talt på Island, i ein prosa som knapt høyrde heime i samtida, men som høyrer heime i verdslitteraturen - og å verkeleg sjå desse manuskripta, ark laga av strekt kalveskinn, skrive med pennar av gåsefjær, med blekk av plantefargar, så fullkomne, så meisterlege... Og dernest - den islandske handskrifttradisjonen, som stilt ut på universitetsbiblioteket i Reykjavik... Det er som ein bøygjer seg i støvet og vert katolsk av mindre.

Lerwick, Shetland


Ingen stader er besøkt før eg har vore innom kyrkjegarden. Kvar gravlund har sin eigen spesielle karakter. Og det er skilnad frå land til land. Frå dei velfriserte norske gravplassane, nøye opplinjert, med sine egalitære gravsteinar der janteloven og sosialdemokratiet følgjer folket heilt inn i døden (og sannsynlegvis forbi), til dei einsamme gravstøttene ved ein forblåst havkant på Færøyane, eller dei tettpakka, lett kaotiske og alt anna enn egalitære gravlundene ein finn i Storbritannia. 

Men sjeldan har eg funne døden så nærverande som i den offentlege gravlunden utanfor Lerwick på Shetland. Gravplassen skrånar bratt ned mot sjøen, stappande full av prangande monument og somme verkeleg monumentale obeliskar, side om side med dei gravene det finst flest av, vanlege arbeidsfolks graver, sjøfolks graver.


Reykjavik, Island


Tidlegare heldt eg meg i prinsippet unna bibliotek og bokhandlar når eg hadde ferie, men det er berre i prinsippet og gjeld aldri når eg er på reis. Aller minst i dette herleg kaotiske bokantikvariatet i Reykjavik, i Hverfisgata om eg ikkje minnest feil (som går sidelengs med handlegata Laugavegur). Eit godt gammaldags antikvariat slik gode gammaldagse antikvariat skal vera. Kaoset har berre auka på for kvar gong eg har vore innom. Ei fantastisk kjensle å smyga seg mellom bugnande hyller og vaklevorne stablar med bøker - det meste på islandsk - og berre det å ta dette framande, underleg kjende språket innover seg! Og kva anna finn eg enn ei av mine favorittbøker, klassikaren "Pickwick-klubben" på islandsk - "Ævintýri Pickwicks"!

Island har ein lang tradisjon for litteratur, heilt tilbake til sagalitteraturen som vart skrive av lærde menn, munkar og prestar, i mellomalderen. Og moderne klassikarar som Halldór Kiljan Laxness (som m.a. skreiv den vidunderlege romanen "Islands klokke")
. Den raude Jaguaren hans står framleis parkert utanfor huset der han budde, eit stykke utanfor Reykjavik. Også i dag gjer islandske forfattarar seg sterkt gjeldande, både som poetar og krinforfattarar. Islendingane er visstnok framleis mellom dei fremste boklesarane i verda. 

Det finst fleire gode bokhandlar i Reykjavik, antikvariat også, men ingen slår dette. Herleg!

 

Laxey Wheel, Isle of Man


Laxey Wheel på Isle of Man er verdas største vassdrivne hjul som framleis er i drift. Det vart laga i 1854 for å skaffa vasskraft til gruvene på øya - og det er stort, eg har klatra opp i det! Men du ser meir på biletet, du ser eit frodig og vakkert landskap. Isle of Man er min desiderte favoritt på dei britiske øyane, frisk og grøn, med små landsbyar der du kan gå av toget på idylliske "Postmann Pat-stasjonar". Ein nydeleg stad.

Scalloway, Shetland


Scalloway er med sine 1200 innbyggjarar den nest største staden i øygruppa, etter hovudstaden Lerwick. Namnet kjem opphavleg frå norrønt, Skalavagr - dvs. ein våg med hus. Fram til 1708 var Scalloway hovudstaden på Shetland.

Opp gjennom hundreåra har Scalloway hatt besøk av mange nordmenn, ikkje minst sjøfolk, men har òg spela ei viktig rolle på andre område. Det mest iaugnefallande fortidsminnet i den vesle byen er ruinane etter slottet frå byrjinga av 1600-talet som jarlen Patrick Stewart let byggja. Den seinare norske stormannen Anders Mowat, som hadde ei sterk tilknyting til Shetland, fungerte som jurymedlem i ei sak som vart behandla på borgen i 1602. Patrick Stewart og borgen i Scalloway er også emne i Johannes Heggland sin ungdomsroman "Det pantsette landet" (1977).

Frå om lag 1500-talet bygde båtbyggjarar frå Bergen og Sunnhordland såkalla yoals, eller hjeltabåtar, i dette området, dvs. små båtar som vart frakta i flatpakka stand til Scalloway og sette saman her. Desse båtane vart ofte sette saman av båtbyggjarar frå Noreg. Mange av desse båtbyggjarane budde i årevis på Shetland, og nokre gifta seg her.

Under andre verdskrigen spela Scalloway ei viktig rolle som hovudkvarter for dei såkalla Shetlandsbussane. Norway House, der dei norske motstandsfolka budde, og slippen Prince Olav Pier som vart bygd av dei norske sjøfolka, er framleis synlege spor frå denne tida. I mai 2012 vart det opna eit nytt museum i Scalloway med ei utstilling av Shetlandsfarten under krigen, og til opninga fekk museet i gåve ein modell av Shetlands-Larsen si legendariske skøyte MK "Arthur".


Castlebay, Hebridane


Castlebay er ein av dei fjernaste og på sitt vis kanskje mest spesielle stadene eg har besøkt på ferdene i vesterveg - og når eg seier spesiell, så tenkjer eg eigentleg mest på steminga og inntrykka eg fekk her, i eit bortimot reint gælisk samfunn. Ein rutebuss som har sett betre tider humpar rundt på øya.  

Ein kan knapt kalla det ein by, knappast ein landsby, ein rad med små butikkar langs ei gate, det er det heile. Castlebay ligg på sørspissen av den vesle øya Barra på dei ytre Hebridane, ein stad der eit fly landar på sandstranda ved fjære sjø og der ein kjenner seg sett tilbake i tid, til 1960-talet. Over landsbyen troner ei katolsk kyrkje, bygd i 1888, dette er det mest katolske området vestpå. Underleg å stija inne i den store, tomme kyrkja og lytta til vinden. Nede i gata kjøper eg ei flaske whisky, slår av ein prat med butikkdama. For det er nett whisky denne vesle byen er kjend for, her vart filmen "Whisky galore" spelt inn i 1949, basert på ei sann historie om eit skip som grunnstøtte utanfor Castlebay under krigen, fullasta med 50 000 kassar whisky! Folk gjekk på fylla i vekevis.

Ute i sjøen, 100 meter frå land, ligg Kisimul Castle, heimstaden til MacNeil-klanen, som har leigd borgen vekk til Historic Scotland for eitt tusen år.  


Thingvellir, Island



"I en dyb Kulp lige ved Øxarå, blev ifølge Beretningen, Kvinder, der havde ført et utugtigt Levnet, særlig for de giftes vedkommende, puttet i en Sæk og sænket ned," skriv Ole Myklestad i si bok "Gjennem Island paa kryds og tvers" frå 1915. 

Drukning var ein relativt utbreidd form for dødsstraff på Island i eldre tid. Folk vart drukna i myrar, ferskvatn og i sjøen. På Thingvellir vart kvinner drukna i Drekkingarhylur, dei vart pakka inn i ein sekk og heldt under vatnet, sjølv om dei historiske kjeldene er usikre. Det var ikkje berre menneske ein tok livet av på dette viset, men også hundar, vert det fortald. Drekkingarhylur er ein dam som held på løyndomane sine.

Sandøy, Færøyane




På Færøyane lever framleis den gamle, vesle landhandelen. Ein seier gjerne at der det finst ein lun vik, finn du ein klynge med hus, ei kyrkje og ein liten butikk. Utvalet er ikkje all verda, tempoet er roleg, dagane går med måkeskrik og ein og annan båtdur i det fjerne. Her er ein langt frå det meste, i eit øyrike der slektsband og tradisjon framleis eksisterer som ein handgripeleg realitet. 



Douglas, Isle of Man


For heile 5000 år sidan tok folket på austsida av Isle of Man til med eit omfattande byggearbeid. Eit stort gravkammer vart reist oppe i bakken ovanfor stranda der hovudstaden Douglas ligg i dag. Anlegget bestod av minst tre romslege kammer. Her vart ei rekkje menneske gravlagd i ei fjern fortid. Ein trur også at det vart halde seremoniar på staden. 

Ingen veit nøtyaktig kvifor staden i dag går under namnet kong Orrys grav. Kong Orry, eller kong Godred of Crovan, var konge over Mann på slutten av 1000-talet. Han er neppe gravlagd her, på den andre sida er kong Orry like mykje ein legende som ein historisk person, så det er ikkje godt å seia. Steinblokkane på staden røper ingenting. 

Torshamn, Færøyane


Gamle handverkstradisjonar er framleis levande på øyane i vest, ikkje minst strikking. På den vesle øya Fair Isle sør for Mainland på Shetland er strikking utvikla til ein kunst, med sine karakteristiske finslege mønstre. I den andre enden av skalaen finn ein Island, som byr på knalldyre strikkeplagg, maskinstrikka og kanskje laga i Asia, omlag som i Norge.

På Færøyane er det annleis. I vesle Torshamn er det ei rekkje små husflidsbutikkar, ingen av dei ser ut som dei er mynta på turistar i det heile. På butikken Snældan får du kjøpt rimelege kvalitetsplagg, lokalt tilvirka og så ferske at det framleis luktar sau av dei. Frå Snældan gjorde me ikkje vegen lang til sjølve ullvarefabrikken og utsalet der. Herleg å koma inn på ein god gammaldags ullvarefabrikk, omlag som Jamieson's på Shetland. 

Viðareiði, Færøyane


Viðareiði - ei forblåst lita bygd med ein beskjeden daglegvarebutikk og ei kyrkje. Bølgjer som skummar i kvite kast mot svaberga nedanom klippen, det er stupbratt under platået ved kyrkjegarden. Her vert eg gåande og sjå på gravsteinane, som fortel om levde liv på denne fjerne utposten, om skipsforlis og dei som vart verande att. Staden dannar bakteppet i romanen "Barbara" av Jørgen-Frantz Jacobsen (1939). Det vart laga film av boka i 1979, foreviga på eit færøysk frimerke.

Barbara er ei forrykande dame, ein sagnfigur frå 1700-talet som skal ha vore særs ond mot alle sine tre ektemenn, som alle var prestar. Ein fjerde prest greidde å heva trulovinga før dei vart gift. I romanen er Barbara enke for andre gongen, og onde tunger seier at ho sjølv var skuld i sine to ektemenns død. Ho er 28 år, omgjeven av ein aura av erotikk og sødme, ein femme fatale. Barbara er på mange vis eit naturbarn, fanga av sine eigne drifter og kjensler, som i all si uskuld ikkje kan hjelpa for den attråen ho vekkjer hos menn. Den færøyske naturen, i all sin utemma villskap, er dei perfekte omgjevnadene for historia.

Eg ruslar kring på kyrkjegarden, set meg ned og tenkjer på denne sagnkvinna som skal ha levd her. Men det er lenge sidan, her er det berre vinden og stilla og gløymsla som rår mellom dei eldgamle gravsteinane.






Scalloway, Shetland


Shetlandsfarten var eit viktig og avgjerande transportledd over Nordsjøen under andre verdskrigen. Det var eigentleg ein mykje større operasjon enn namnet skulle tyda på. Britane bygde det opp som ei regulær norsk marineavdeling. Båtane frakta våpen og ammunisjon, agentar, jødar og andre flyktningar over til Shetland, Skottland og England – eller frå Storbritannia til Norge. Dei fleste som tok del i denne fårefulle trafikken var unge menn, dei fleste i alderen 17 - 30 år.  

Foreldra til Catharine Rietti måtte flykta frå Norge til Shetland i 1942, då ho berre var tre veker gammal. Etter ei tid på Shetland vart dei transportert vidare til England. Far hennar var Helmer Hartmann Dahl (1908-1999), kjend som "radiolinjens far". Han arbeidde med utvikling av navigasjonsmetodar for kysten, og hadde fleire forskaropphald ved universitetet i Cambridge.  Han vart dermed ein person som tyskarane gjerne ville ha tak i. 

I England arbeidde han vidare som radarforsker ved Admirality Signal Establishment og fekk innpass som radarforsker ved Admirality Signal Establishment,  med ein plass i det London-baserte Forsvarets Overkommandos Tekniske Utvalg (FOTU, 1942-45). Der greidde dei ut etableringa av Forsvarets Forskningsinstitutt (1946) der Dahl hadde ansvaret for radar-avdelinga (1946–49). I England fekk han inspirasjon til utviklinga av radiolinesamband med mikrobølge, som vart til Nera, og viktig i utviklinga av Televerket og dets forskningsinstitutt.

For tre veker gamle Catharine eksisterte sjølvsagt ingenting av dette. Men i alle år har ho bore på ein draum om ein gong å reisa tilbake til den staden der foreldra hennar gjekk i land etter flukten over Nordsjøen. Først i mai 2012 gjorde ho alvor av det, og var med under 17. mai-feiringa i Scalloway der det vart lagt ned blomar ved minnestøtta fior Shetlandsbussane. Ei stor stund for henne. 

Posta, Færøyane


Eg elskar frimerka på Færøyane. Dei har inga lang historie, det første frimerket vart utstedt i 1975. Sidan den tid har dei ein god tradisjon for å nytta velkjende motiv frå sagn og saga, eller portrett av færøyske personar som ein gjerne vil heidra. Kvart år tek Posta, det færøyske postverket, del i internasjonale frimerketevlingar, og er såleis med på å auka interessa for utforming av frimerke. Og ein ting er sikkert -  færøyske frimerke er nydelege! 

Snaefell, Isle of Man


Tradisjonar på toppen av Snaefell (norrønt for "Snøfjell"), Isle of Man - ein sekkepipespelar og den meir enn eitt hundre år gamle elektriske jarnbanen som fleire gongar kvar dag finn vegen opp til toppen av fjellet, 621 meter over bakken. Men sekkepiper er ikkje eit like vanleg syn, det viste seg at det var bryllaupsfeiring. 

Rushen Abbey, Isle of Man


Klosteret Rushen Abbey på Isle of Man vart bygd av den norske kong Olav I, eller Óláfr Guðrøðarson som han eigentleg heitte - han var konge over Man i ganske mange år, frå 1112 til 1153. Allereie i vikingtida tok mange av dei norrøne busetterane den kristne trua og blanda seg med den eksisterande keltiske befolkninga på relativt fredeleg vis. Far til Olav hadde eit utprega keltisk namn, han heitte Gofraid Crobán, og som faren høyrde Olav til det såkalla Gofraid Crobán-dynastiet.

Rushen Abbey vart grunnlagd i 1134, og vart lagt inn under cisterienser-ordenen. Kyrkja, som vart vigd til jomfru Maria, stod ferdig over hundre år seinare, i 1257. På 1500-talet vart klosteret nedlagd og forfalt raskt. Først på 2000-talet vart det sett i gong arkeologiske undersøkingar og restaurering av klosteranlegget. 

I si tid var Rushen Abbey eit viktig sentrum for kunnskap og lærdom på Isle of Man. Det var her øya Mans krønike vart skriven, "Krøniken om kongane av Mann og Øyane" - mellom dei fleire norske kongar. Krøniken vert avslutta i 1316, etter fire hundre år med norsk styre over øyriket i vest. Krøniken er også ei historie om den geistlege makta, og vert ført fram til 1376, då den siste biskopen på Man vart vigsla. 

Arbeidet med restaureringa av klosteret har i dag kome ganske langt, slik at ein kan få eit godt inntrykk av korleis livet for munkane må ha arta seg den gongen for mange hundre år sidan.


Torshamn, Færøyane


Eit streif av sol over Torshamn, småbåthamna og den aller eldste busetnaden i bakgrunnen, eit cruiseskip til kai for ein dag eller mindre, og eit par karar med ei kasse øl. Det er mykje fyll på Færøyane, utan at me skal mistenkja desse to unge mennene for noko, Og ein sånn ca. sju-åtte varmegradar. I august.

Scalloway, Shetland


I 2012 drog eg til Shetland som skrivande haleheng m.a. for å laga artiklar om den høgst spesielle 17. mai-feiringa dette året, med krigsveteranar og deira etterkomarar pluss statsministerbesøk. Ei viktig hending var opninga av det nye museet i Scalloway med offisiell overrekking av ein modell av Shetlands-Larsen si legendariske skøyte MS "Arthur", laga av Anker Gravdal frå Stord. Dette har eg skrive om i eit tidlegare innlegg på bloggen (sjå for desember 2013).

Med høgtidlegheiter, Jensemann og ein masse ståhei var det atskilleg rolegare då eg besøkte museet eitt år seinare, i juni 2013. Og no var modellen av MS "Arthur" kome på plass i monteren. Slik ser ho altså ut.

The Croft House Museum, Shetland


Ein "croft" er den tradisjonelle formen for småbruk, den mest utbreidde formen for gardsbruk på Shetland. Det ville seia at ein hadde nokre mål som ein dyrka sjølv, medan sauene gjekk på fellesbeite. Ein "crofter" var altså ein jordbrukar, ein småbrukar - som regel ein leiglending. Det er ikkje mange tiåra sidan at dei siste av desse små gardsbygningane forsvann, stundom med bustad i den eine enden og fjøs i den andre. Du ser ruinane av dei overalt på øyane i vesterveg. Folk på desse kantar er ikkje så nøye på å fjerna forfalne hus. Eller kanskje dei likar å ha dei der, som eit band til farne tider, kva veit eg. 

Eit av desse tradisjonelle småbruka er i dag teke vare på som museum.  I dette huset budde det folk like fram til 1960-åra. Det ser kanskje idyllisk ut med dei låge steinhusa dekka med stråtak, men var det neppe. Trangbudd, trekkfullt, mørkt, med den umiskjennelege  eimen av stikkande torvrøyk. Det vert sagt at dei gamle shetlendarane var små av vekst, så kanskje det er grunnen til at eg må dukka kraftig med nakken når eg går inn i huset. Men på sitt vis er det ganske triveleg innandørs, med dei få eigedelane dei hadde. Og når eg går ut att i regnveret, kan eg ikkje anna enn å beundra halmtaket og ønskja meg ei slik stove.


Castle Rushen, Isle of Man


Isle of Man i Irskesjøen vart ei vikingøy allereie på 800-talet, og var under norsk herredøme fram til 1266 då den norske kongen selde øya til Skottland. Seinare hamna øya på engelske hender fram til 1765, då Isle of Man vart ein suveren stat. I dag er Man eit mini-rike for seg sjølv, med eige parlament, eigne lovar og eigne pengar, men framleis medlem av det britiske samveldet. 

Sentralt i alle tumultane stod borgen i Castletown, den gamle hovudstaden på Man. Castle Rushen er den best bevarte mellomalderborgen i Storbritannia, bygd under det norske styret, av Mans siste norrøne konge Magnus III av Man (1252–1265). I dag kan ein vandra gjennom borgen, opp og ned smale trappegangar, inn og ut av kammers og store hallar, og gjenoppleva det til dels dramatiske og i alle høve fargerike livet som ein gong utspant seg her, i krig mot England eller seinare,  då dei såkalla lords of Man heldt til her.  

Ein kan seia kva ein vil, men britane kan dette med å skapa levande musear. Castle Rushen er full av livlege tablåar. Her kan den besøkande m.a. vera til stades under ein overdådig bankett med den siste kongen av Man, biskopen og slottsforvaltaren. 

(Bilete under: Wikipedia)


Haroldswick, Shetland


Haroldswick tyder som namnet seier "Haraldsvika", på den nordlegaste øya på Shetland, Unst. Namnet stammar frå den gongen Harald Hårfagre landa her med skipa sine, i året 875. Og det var ikkje i eit kva som helst ærend. Harald kom hit med ein stor flåte for å gjera krav på Shetland som norsk land, dvs. han hærtok desse øyane og drepte dei norske vikingane som hadde flykta hit etter at Harald hadde lagt under seg Noreg.

Om dette fortel Snorre: "Kong Harald spurde at vikingar herja vidt om i Midtlandet, dei som om vintrane var vestanfor havet. Han hadde då leidang ute kvar sommar og ransaka øyar og utskjær, men når vikingane oppdaga hæren hans flykta dei alle, dei fleste ut i havet, men då kongen vart lei av dette, så var det ein sommar at kong Harald segla med sin hær vester over havet, han kom først til Hjaltland og drebte alle vikingane der, som ikkje flykta unna. Sidan segla han sør til Orknøyane og reinska der alt for vikingar." 

Ved Haroldswick finn ein restane etter ca. 60 langhus frå vikingtida, som utgjer den tettaste busetnaden ein kjenner til frå denne tidsepoken, Skandinavia inkludert. I tillegg finn du ein replika av Gokstadskipet på stranda, "Skibladner". Og så er det berre å ta fantasien til hjelp...

St. Kilda, Hebridane


Det er nokre kvite stader på kartet - (mange kvite stader, sjølvsagt), stader eg drøymer om å vitja, eller har planar om å leggja inn på reiseruta. Ein av desse stadene er den vesle øygruppa St. Kilda, som ligg fjernt ute i Nord-Atlanteren - 180 km utanfor dei ytre Hebridane. I tusenvis av år levde det folk her, som livnærte seg av fuglefangst og det havet har å by på, fullstendig isolert frå omverda. 

Folket på St. Kilda, som ikkje talde meir enn nokre hundre, takla både eit einsformig kosthald og det som vel må kallast for innavl. Men på byrjinga av 1900-talet tok det til å skje noko. Born døydde som små, vaksne vart også sjuke og døydde, og i 1930 skreiv dei 35 gjenlevande eit brev til dei britiske styresmaktene og bad om å bli flytta frå øyane. Det er ikkje ofte slikt skjer. Men det skjedde - og i dag er øygruppa fråflytta, bortsett frå ein liten miltærbase som er oppretta der. Ruinane av gardar og hus og den vesle landsbyen på Hirta, den største av øyane, vert vedlikehalde av friviljuge om sommaren. 

I tillegg til at landsbyen er bevart intakt som den stod for 100 år sidan, er det ikkje mindre enn ca. 1400 små og store steinbygningar på øyane, mange av dei svært gamle. Men i dag er det fuglar som har overteke det vesle øyriket - øygruppa huser den største sjøfuglkolonien i Europa.

For nokre år sidan var me ein liten gjeng som tenkte oss ut dit med båt. men sjøen var grov, veret var ustadig og det vart ikkje noko av. Men framleis er St. Kilda ein stad eg har lyst til å sjå - ein verkeleg øde øy.

(Kart og foto: Wikipedia)


Vestmannabjergene, Færøyane


Ingen tur til Færøyane utan ein båtreise til Vestmannabjergene! Om veret er bra, då. Og det var det då me drog ut til desse underlege fugleberga langt ute i havgapet, med den opne Atlanteren som ein magisk, lysande ballsal kring den vesle båten, som rugga frå side til side då me sigla inn i ein av dei kjempesvære grottene i ei av dei steile fjellsidene, der sauer beita i nærast nitti graders vinkel høgt over oss. 

I gamle dagar sigla fuglefangarar ut hit. Frå klippen Heygadrangur hang det før i tida eit reip som dei brukte til å heisa seg opp langs fjellsida med. Det hender også den dag i dag at dei heiser sauer ned på dei grasrike fjellhyllene, som er godt gjødsla av tusener på tusener av fuglar. Først om hausten, når dei skal slaktast, vert dei heiste opp att. Og fuglane som held til her, ja, det er lomvi, lunde, skarv, måke og alker, mellom anna. 


Lerwick, Shetland


Dagboknotat, 10. juni 2013: I dag fyller eg år - og så har det vore den store traskedagen. Frå hotellet går det ein gangsti langs Breiwick (dvs. Breivik, dei fleste stadnamn her er norske) og opp til toppen av The Knab, eit gammalt forsvarspunkt frå krigen mot Holland på 1600-talet. Her såg eg to seler som leika seg i sjøen.

Litt nede i bakken fann eg også kyrkjegarden i Lerwick. Eg brukar alltid mykje tid på kyrkjegarden kvar eg enn kjem. Ein kyrkjegard er som ei historiebok. Det første eg la merke til var at den keltiske krossen (som eg sjølv har rundt halsen) ikkje finst her - eg vart litt i stuss over det, ettersom den keltiske krossen er predominerande elles i vesterveg. Her er det protestantismen som rår grunnen.

Det er elles ikkje mindre enn 10-12 kyrkjer i Lerwick, med eit innbyggjartal på ca 25 000 - pluss biblioteket, som held til i ei nedlagt kyrkje, og her somna eg på galleriet (orsak, lesesalen) - og har no vakna til att, sit her med ein whisky og tenkte meg bort til Tesco, supermarknaden,  eit ærend - den einaste i sitt slag på desse kantar. Ein framifrå plass for å få med seg det lokale folkelivet. 

I dag er det dessutan opphaldsver. Men kaldt, ein skulle mest tru det er om hausten. 


Geysir, Island



Geysir er som bekjendt én af Verdens største Springkilder, idet den opsender sine kogende Vandstraaler til en Høide af optil 120 Fod. Forresten er der flere andre smaa Springkilder tæt ved. Efter et Jordskjælv for nogle Aar siden, har man lagt Merke til, at Springkilden ikke opsendte sine Vandstraaler saa hyppig som før. Derfor maa de Reisende mange Gange finde sig i blot at have seet Stedet og de øvrige Springkilder uden at have seet Geysir i Virksomhed. Man har fundet ud, at naar man medbringer for 20—30 Kroner i Grønsæbe og kaster denne Beholdning ned i Aabningen, kan man atter faa den lunefulde Kilde til at spririge nogle Gange. 

Geysirs Krater ligner en Tragt, hvis øverste Rand er 30 Alen i Diameter, men lige i det samme den skal springe, bliver det vandop-fyldte Krater ganske tomt, saa den opsendte Vandstraale presses op fra en meget trangere Aabning længere nede, og denne Tragt har en Diameter paa ca. 5 Alen. Man tilskriver ogsaa Uregelmæssigheden Stene, som de Reisende har moret sig med at kaste ned i Aabningen, som derved delvis er blit tilstoppet. 

(Ole Myklestad i "Gjennem Island paa kryds og tvers", 1915. Biletet over og under viser naboen Strokkur som har utbrot ca. kvart femte minutt.)


Skálavík, Færøyane


Det er noko som heiter nøklar til himmelriket. Kanskje beslaget på denne døra i kyrkja på Skálavík er meint å skulle minna om det. 

Skálavík vert første gongen nemnd i det såkalla Hundebrevet (færøysk: Hundabrævið). Hundebrevet vart skrive ein gong mellom 1350 og 1400. Brevet handlar om hundeavl på øyane, men har i moderne tid blitt ei viktig kjelde til å stadfesta mange færøyske bygders alder. Men truleg har det vore busetnad i bygda lenge før den tid. Ein tenkjer seg gjerne at dei første gardane vart lagt heilt nede ved sjøen, og at busetnaden først på 1600-talet vart flytta lengre inn i dalen. Dalsgarður i Skálavík var ei av dei største kongsgardane på Færøyane, og mellom anna bustad for lagmann Jákup Jógvansson. 

Steinkyrkja i bygda, Skálavíkar kirkja, er frå 1891. 



Scalloway Castle, Shetland


Scalloway Castle vart bygd i 1599 av Patrick Stewart, den andre jarlen av Orknøyane, og er i dag berre ein ruin - og eit uhyggeleg minne frå ei tid med mykje vald og harde feidar. Dei som budde her fór hardt fram mot lokalbefolkninga, som var fråtekne jorda, i tillegg til at dei stadig låg i krig med den eine og den andre. Like i nærleiken finn me også Gallow Hill, galgebakken, der dei to siste heksane på Shetland vart brende i 1690. Ei brutal og uhyggeleg tid! Til sist var det ikkje noko att av jarledømmet heller, etter mykje strid og elende, og alt utpå 1700-talet tok det til å lekka regnvatn inn gjennom taket på borgen, som må ha vore både imponerande og ikkje så reint lite fryktinnngytande i si tid. Alle skyteskåra i murane fortel sitt. 

Det regna også den dagen eg besøkte besøkte borgen sist, i juni 2013 - og gongen før det igjen, i mai 2012 - så det er ikkje rart at eg set desse ruinane av stein i samband med alt som er rått og kaldt. Skjønt, ruinar er ikkje heilt rett å kalla det - du kan framleis vandra gjennom lange korridorar og opp breie trappar. Eg stansar lenge i jarlen sitt sovekammer, som er intakt - og ein treng ikkje mykje fantasi for å sjå for seg livet den store hallen med den store eldstaden langsmed den eine veggen. På veg ned trappa finn eg fram til fangeholet på bakkeplan. Om desse kalde, fuktige steinveggane kunne tala...

Anders Mowat, busett på Tysnes i Sunnhordland - svigerfar til Ludvig Rosenkrantz som bygde slottet i Rosendal - tok del i rettssaker her, som dommar - seinare skreiv Johannes Heggland romanen "Det pantsette landet" og kom hit saman med dottera Marianna, på 1970-talet,  dei tok eit fotografi av borgen som vart teikna av og nytta på omslaget til boka - det blåste slik den dagen at Johannes måtte støtta henne då ho tok biletet (sjå blogginnlegg for januar 2014).

Og no vandrar eg rundt i den delvis samanrasa borgen, mutters åleine, høyrer vinden ula og regnet som dryp, det er elles stilt, så stilt - eg synest eg høyrer steg, og røyster, men det er ingen...

Etterpå går eg opp i landsbyen og ventar på rutebussen tilbake til Lerwick i øsregnet. Ein eldre mann kjem og ventar i lag med meg. "A puuur day," seier han ut i det mistrøstige veret, med karakteristisk rulle-r.