Scalloway, Shetland


Scalloway er med sine 1200 innbyggjarar den nest største staden i øygruppa, etter hovudstaden Lerwick. Namnet kjem opphavleg frå norrønt, Skalavagr - dvs. ein våg med hus. Fram til 1708 var Scalloway hovudstaden på Shetland.

Opp gjennom hundreåra har Scalloway hatt besøk av mange nordmenn, ikkje minst sjøfolk, men har òg spela ei viktig rolle på andre område. Det mest iaugnefallande fortidsminnet i den vesle byen er ruinane etter slottet frå byrjinga av 1600-talet som jarlen Patrick Stewart let byggja. Den seinare norske stormannen Anders Mowat, som hadde ei sterk tilknyting til Shetland, fungerte som jurymedlem i ei sak som vart behandla på borgen i 1602. Patrick Stewart og borgen i Scalloway er også emne i Johannes Heggland sin ungdomsroman "Det pantsette landet" (1977).

Frå om lag 1500-talet bygde båtbyggjarar frå Bergen og Sunnhordland såkalla yoals, eller hjeltabåtar, i dette området, dvs. små båtar som vart frakta i flatpakka stand til Scalloway og sette saman her. Desse båtane vart ofte sette saman av båtbyggjarar frå Noreg. Mange av desse båtbyggjarane budde i årevis på Shetland, og nokre gifta seg her.

Under andre verdskrigen spela Scalloway ei viktig rolle som hovudkvarter for dei såkalla Shetlandsbussane. Norway House, der dei norske motstandsfolka budde, og slippen Prince Olav Pier som vart bygd av dei norske sjøfolka, er framleis synlege spor frå denne tida. I mai 2012 vart det opna eit nytt museum i Scalloway med ei utstilling av Shetlandsfarten under krigen, og til opninga fekk museet i gåve ein modell av Shetlands-Larsen si legendariske skøyte MK "Arthur".