Castlebay, Hebridane


Castlebay er ein av dei fjernaste og på sitt vis kanskje mest spesielle stadene eg har besøkt på ferdene i vesterveg - og når eg seier spesiell, så tenkjer eg eigentleg mest på steminga og inntrykka eg fekk her, i eit bortimot reint gælisk samfunn. Ein rutebuss som har sett betre tider humpar rundt på øya.  

Ein kan knapt kalla det ein by, knappast ein landsby, ein rad med små butikkar langs ei gate, det er det heile. Castlebay ligg på sørspissen av den vesle øya Barra på dei ytre Hebridane, ein stad der eit fly landar på sandstranda ved fjære sjø og der ein kjenner seg sett tilbake i tid, til 1960-talet. Over landsbyen troner ei katolsk kyrkje, bygd i 1888, dette er det mest katolske området vestpå. Underleg å stija inne i den store, tomme kyrkja og lytta til vinden. Nede i gata kjøper eg ei flaske whisky, slår av ein prat med butikkdama. For det er nett whisky denne vesle byen er kjend for, her vart filmen "Whisky galore" spelt inn i 1949, basert på ei sann historie om eit skip som grunnstøtte utanfor Castlebay under krigen, fullasta med 50 000 kassar whisky! Folk gjekk på fylla i vekevis.

Ute i sjøen, 100 meter frå land, ligg Kisimul Castle, heimstaden til MacNeil-klanen, som har leigd borgen vekk til Historic Scotland for eitt tusen år.