Viðareiði, Færøyane


Viðareiði - ei forblåst lita bygd med ein beskjeden daglegvarebutikk og ei kyrkje. Bølgjer som skummar i kvite kast mot svaberga nedanom klippen, det er stupbratt under platået ved kyrkjegarden. Her vert eg gåande og sjå på gravsteinane, som fortel om levde liv på denne fjerne utposten, om skipsforlis og dei som vart verande att. Staden dannar bakteppet i romanen "Barbara" av Jørgen-Frantz Jacobsen (1939). Det vart laga film av boka i 1979, foreviga på eit færøysk frimerke.

Barbara er ei forrykande dame, ein sagnfigur frå 1700-talet som skal ha vore særs ond mot alle sine tre ektemenn, som alle var prestar. Ein fjerde prest greidde å heva trulovinga før dei vart gift. I romanen er Barbara enke for andre gongen, og onde tunger seier at ho sjølv var skuld i sine to ektemenns død. Ho er 28 år, omgjeven av ein aura av erotikk og sødme, ein femme fatale. Barbara er på mange vis eit naturbarn, fanga av sine eigne drifter og kjensler, som i all si uskuld ikkje kan hjelpa for den attråen ho vekkjer hos menn. Den færøyske naturen, i all sin utemma villskap, er dei perfekte omgjevnadene for historia.

Eg ruslar kring på kyrkjegarden, set meg ned og tenkjer på denne sagnkvinna som skal ha levd her. Men det er lenge sidan, her er det berre vinden og stilla og gløymsla som rår mellom dei eldgamle gravsteinane.