The Croft House Museum, Shetland


Ein "croft" er den tradisjonelle formen for småbruk, den mest utbreidde formen for gardsbruk på Shetland. Det ville seia at ein hadde nokre mål som ein dyrka sjølv, medan sauene gjekk på fellesbeite. Ein "crofter" var altså ein jordbrukar, ein småbrukar - som regel ein leiglending. Det er ikkje mange tiåra sidan at dei siste av desse små gardsbygningane forsvann, stundom med bustad i den eine enden og fjøs i den andre. Du ser ruinane av dei overalt på øyane i vesterveg. Folk på desse kantar er ikkje så nøye på å fjerna forfalne hus. Eller kanskje dei likar å ha dei der, som eit band til farne tider, kva veit eg. 

Eit av desse tradisjonelle småbruka er i dag teke vare på som museum.  I dette huset budde det folk like fram til 1960-åra. Det ser kanskje idyllisk ut med dei låge steinhusa dekka med stråtak, men var det neppe. Trangbudd, trekkfullt, mørkt, med den umiskjennelege  eimen av stikkande torvrøyk. Det vert sagt at dei gamle shetlendarane var små av vekst, så kanskje det er grunnen til at eg må dukka kraftig med nakken når eg går inn i huset. Men på sitt vis er det ganske triveleg innandørs, med dei få eigedelane dei hadde. Og når eg går ut att i regnveret, kan eg ikkje anna enn å beundra halmtaket og ønskja meg ei slik stove.