Mainland, Shetland


Berre ein times flyreise frå Bergen (ca. midten av mai - ca. ut august) ligg Shetland. Raudbrune lyngheier, bølgjande marker med djupe hakk etter torvskjering, flokkar med små hestar, ein vid himmel og utsikt til alle kantar over eit flatt landskap, og vind, vind og atter vind – og sauer, sauer overalt. Heile 250 000 er det av dei. Det er meir enn ti sauer pr. innbyggjar. Du kan ikkje gå nokon stad utan å støta på ein sau – om det ikkje er midt inne i den vesle hovudstaden Lerwick, då.

Somme har kalla Shetland for det verkelege Vestlandet. Og historisk sett var det faktisk også slik at Shetland, eller Hjaltland som det heitte på norrønt, var ein del av Vestlandet i fleire hundre år, frå den tida då vikingane busette seg her på slutten av 800-talet og fram til det Herrens år 1469, då den dansk-norske kongen pantsette Shetland for å betala medgifta til dottera Margaret, som året før var blitt forlova med Jakob III av Skottland. Det var heile tida meininga å løysa Shetland inn att, men i hundreåra som følgde vart det eine kravet etter det andre avslege frå skotsk side. Shetland heldt dermed fram med å vera ”det pantsette landet”, sjølv om det i realiteten vart sett på som norsk. Så seint som på slutten av 1800-talet vart det framleis tala ein norrøn variant her, og den dag i dag går norske ord og stadnamn att alle stader.