Kirkjubøur, Færøyane


Det mektige bispesetet Kirkjubøur på Færøyane har ein sentral plass både i norsk og færøysk historie, som i denne samanhengen er ein og den same. Her vaks sjølvaste kong Sverre opp, konge i Noreg 1177-1202. Han må ha vore særs gåverik, ettersom biskopen på Færøyane sette han i prestelære. Men som me veit hadde livet anna på lur for han - han vart den kongen som tala Roma midt imot, som det heiter i nasjonalsongen vår.

På Kirkjubøur finn me i dag tre kyrkjer - to ruinar og ei kyrkje som er i bruk den dag i dag, bygd ein gong i mellomalderen og vigd til Jomfru Maria og St. Olav. Her vart me tekne godt imot av den noverande kongsbonden på garden, i attende generasjon, Johannes Patursson. Han fortalde om kyrkja og om staden, og viste oss også den imponerande ruinen av St. Magnus domkyrkja, bygd ein gong på slutten av 1200-talet (den tredje kyrkja på staden finst det i dag berre nokre få sørgeleg restar att av). Å rusla åleine inne i det som ein gong har vore ei mektig kyrkje, på ein stad som ein gong i tida har vore av så stor tyding for det gamle Noregsveldet, er ei spesiell oppleving. Suset av vinden, lukta av tang og salt sjø...

Men kanskje ein fornemmer vel så mykje historias sus i den gamle røykstova på garden - 900 år gammal, vert det sagt, bygd av tømmer som kom drivande over havet frå Noreg. Kongsbonde Johannes har ei arv å ta vare på - noko han gjer vel. Dei timane me besøkte garden, som kyrkjene er ein del av - eller omvendt - fortalde han om folk og hendingar opp gjennom hundreåra nærast som han skulle opplevd det sjølv. Slik er det gjerne når ein er fødd inn i ei kongsrolle.