Chapel Hill, Isle of Man


Finn eg far etter det gamle folket,
her på Chapel Hill?
I minnet åt somme
er dei her framleis
Og eg tenkjer
at eg høyrer dei i vinden òg

Isle of Man er ei øy som ligg midt i Irskehavet. Då vikingane kom hit møtte dei ei befolkning av kristne keltarar. Historikarane fortel oss at den lokale befolkninga smelta saman med dei norrøne inntrengjarane på relativt fredeleg vis. Norrøne menn gifta seg med keltiske kvinner, og kristendom og heidendom eksisterte side om side. Det er gjort mange gravfunn på Isle of Man som vitnar om ein rik norrøn kultur, som sakte men sikkert vart spedd opp med keltisk levevis.

På ein haug ved Balladoole, Chapel Hill, vart det grave ut ei båtgrav. Her fann dei eit vikingskip i jorda, med ein rikt utstyrt viking som var gravlagd saman med ein hest og kveg. Eit lite stykke unna finst restane etter eit lite keltisk kapell, bygd i kanskje same periode - og kristne graver. På biletet ser ein tydeleg at steinane over gravhaugen er lagd i form av ein båt.