Dagboknotat, Færøyane


Dagboknotat, 6. august 2012 #  Landet utan turistar. Ja, det er nok ei lita overdriving, men om du gjerne vil reisa til ein stad du får ha mest mogleg i fred for deg sjølv, skal du leggja turen til Færøyane. Turistsesongen på Færøyane er ganske kort, frå juni til ut august, og du vil fort oppdaga at det ikkje er så mange andre turistar å sjå. Du vil også ganske snart oppdaga ein annan ting - nemleg at somrane i øygruppa ikkje er av dei varmaste. For spøk seier ein gjerne at det er seks gradar om vinteren og sju gradar om sommaren.

Færøyane er heller ikkje ei slags light-utgåve av Island.  Øyane har i høgste grad sin eigen særeigne identitet.

Sumburgh Airport, Shetland



Dagboknotat, 16. juni 2013:  Eit stort og nervepirrande moment i dag har vore om flyet til Bergen vil letta. I så fall kan det i verste (eller beste) fall innebera at eg må venta på neste fly, som går onsdag neste veke. Skodda ligg nemleg tjukk som ertesuppe over Shetland i dag. Men her sit eg på Sumburgh Airport, like ved Sumburgh Head (biletet) ei veke etter at eg kom hit, og no seier dei at flyet går som planlagd. 

Å koma inn for landing på Shetland må vera eit helsike for folk med flyskrekk. Flyet byrjar brått å kasta seg frå den eine sida til den andre mens det tilsynelatande stuper rett ned i sjøen. Det er faktisk den einaste staden i verda utanom Gibraltar der rullebanen er ein del av ein bilveg. Men det går greitt - dei stengjer berre vegen for biltrafikk mens flyet landar. Det er trass alt ikkje så ofte fly landar eller tar av her. På mitt fly frå Bergen i juni (2013) var me 9 passasjerar. Og det går kun to gongar i veka.

Det er ein veldig lang køyretur hit frå Lerwick. Taxisjåføren var både pratsam og hyggeleg, han slo av på prisen (som er latterleg billeg samanlikna med Norge) og på toppen av det heile tok han meg i handa til farvel, ønskte god reise og velkomen tilbake.

Klaksvik, Færøyane


Det første som skjer når du kjem til Færøyane er at du merker det iskalde draget i lufta. Midt på sommaren er det som du kjenner hausten i anmarsj. Men det varer berre ein augneblink, så er du van til det, merkar det ikkje meir. 

Det andre er stilla. Og det enorme sceneriet som vert spent opp for deg. Vid himmel, grøne fjellsider, ei fiskeskøyte, hus som vert små og ubetydelege i det tause landskapet. Du kjenner det som du nærmar deg enden på noko. Og at det vil bli ein god slutt, etter ei lang reise.  

Scalloway, Shetland


Den norske nasjonaldagen på Shetland, som blir feira med nordmenn til stades kvart år, vil ikkje så fort bli gløymd av dei som er med. Og gjett om nordmennene vert sett pris på av befolkninga på Shetland! 

17. mai 2012 vart ei spesiell oppleving. Eit kaos av vestlendingar frå Norge, vaksne og unge shetlendingar i vikingkostymer, sekkepipe og hurra-rop, pølser og iskald vind - norske og shetlandske flagg. Og den norske statsministeren på besøk! For ein fest! 

Og - den tragiske sida av det - minnet om alle dei nordmenn og britar som mista livet under Nordsjøfarten i krigsåra. Minnestøtten over dei falne i Scalloway har ein stein frå alle kommunar som er involvert, og vart reist i 2003. 


Klaksvik, Færøyane


Ein gong i tida, for svært lenge sidan, busette munkar frå Irland seg på desse fjerne øyane - og nokre språkforskarar har meint at Færøyane ikkje tyder det same som fåreøyane, men "dei fjerne øyane" - "the far islands" (frå gælisk). Det må ha vore ei underleg og stille verd som møtte desse einsamme munkane. Fjordar med tunge, tause fjell, vende inn i seg sjølve… Det er som denne fjorden og desse fjella nord ved Klaksvik har ei soge å fortelja… soga om ei æve utan byrjing eller slutt.